Gå til sidens hovedinnhold

«KrF vil stoppe nedbygginga av Heimevernet som regjeringen og Arbeiderpartiet gav fleirtall for»

Artikkelen er over 4 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

For KrF er forsvar og beredskap viktig. Ikkje berre for nasjonen, men også for den lokale beredskapen er dette viktig.

KrF vil stoppe nedbygginga av Heimevernet som regjeringen og Arbeiderpartiet gav fleirtall for ved handsaminga av ny langtidsplan for Forsvaret.

KrF var i mindretal på Stortinget i den saka då vi ville auke den faktiske bemanninga og sikre Heimevernets evne til å bidra i samfunnet si beredskap og ivareta lokal tryggleik over heile landet istadenfor å byggje ned.

Norge må ha eit moderne og sterkt forsvar tilpassa dei nasjonale behov og våre forpliktelser . Som medlem av forsvarsalliansen NATO vil difor KrF vurdere ei gradvis auke av forsvarsbudsjettet si bevilgning til 2 % av BNP( bruttonasjonalprodukt ).

Les også

MDG meiner plastavgift kan vera med og redda kysten

 

Vedtaket av ny langtidsplan for forsvaret gir auka økonomiske rammer dei næraste åra knytt til store investeringer i kampfly, maritime overvåkningsfly, ubåter, etterretningskapasitet og cyberforsvar.

Utsetjinga av beslutninger om landmakten i påvente av landmaktstudien skaper imidlertid usikkerheit for Hæren og Heimevernet.

LES OGSÅ: Usikker på kven du skal stemma på? Prøv Nordhordlands veljarhjelp!

Heimevernet sine avdelinger har ein svært høg reaksjonsevne og vil raskt kunne stille med godt trent personell til løysing av militære oppdrag eller til støtte for det sivile samfunn. Difor bør Heimevernet si bemanning og områdestruktur haldast oppe og ikkje reduserast slik Stortinget sitt fleirtall vedtok ved handsaminga av langtidsplanen for forsvaret.

Forsvarslovens § 5 fastslår at «Heimevernet skal delta i territorielle operasjoner som en del av nasjonale fellesoperasjoner, og i vernet av heimtrakten». Ved handsaminga av landmaktstudien etter valet vil KrF arbeide for at alle HV-distriktene vert oppretthaldt og at Heimevernet får nok ressurser til utrustning og trening til fullt ut å ivareta sine oppgaver.

Forutsetningen om ein landsdekkande lokal tilhørigheit tilseier at HV-strukturen ikkje må reduserast.

Heimevernets lokale territorielle ansvar innebærer for det fyrste eit ansvar for lokal planlegging og leiing av operasjoner i fred, krise og krig, og dernest eit ansvar for lokalt samarbeid, samvirke og nettverksbygging med sivile partnarar og lokale mynde.

Heimevernet skal beskytte militær yteevne, kritisk infrastruktur og lokalbefolkningen i Heimevern-områdene. KrF meiner også at sikring av objekter i kystsona framleis skal løysast av Sjøheimevernet.

Les også

Askeland open for Oslo-rolle om Senterpartiet kjem til makta

 

Heimevernet sitt samarbeid med politi og andre sivile aktører må stadig utviklast som ledd i ein generell styrking av samarbeidet mellom politi og forsvar. Dette er viktig for best mogleg å kunne håndtere ulike oppgaver innan samfunnsberedskap i ei rekkje ulike krisesituasjoner, frå naturkatastrofer til risiko for terror.

Cyberforsvaret og sivil beredskap må styrkast !

Sikker kommunikasjon er viktig. Med aukande bruk av internettbaserte tenester i offentlege etater og samfunnet forøvrig, kan sårbarheten bli stor. Sikre løysingar for brukeren er naudsynt ved t.d. dataspionasje eller ei langvarig svikt i energi- og kraftforsyning og telekommunikasjon. Løysingar må skje automatisk.

Avslutningsvis vil eg sei at erfaring viser at god lokalkunnskap er avgjerande i ein krisesituasjon. Både sivil og offentleg beredskap må innrettast slik at den blir ivaretatt. ROS-analyse og beredskapsplanar er kommunane sitt ansvar, og mitt inntrykk er at det jobbes svært godt med dette i kommunane.

Les også

Sp vil i regjering til hausten - Men partiet kan ikkje lova ny E39-trasé til Vågsbotn no

 

Kommentarer til denne saken