Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Eg les i Nordhordland 16.09.15 at Høgres ordførarkandidat er skuffa over valresultatet, og ho seier at «når eg ser resultata på Kløve og Myking, ser eg det har vore ein kampanje der».
Om det er ei trøyst for Høgre-toppane, så har det ikkje vore nokon kampanje på Myking. Eg har heller ikkje høyrt at det har vore det på Kløvheim. Tvertimot vil eg tru det skuldast at innbyggjarar i Lindås kommune er politisk bevisste, og følgjer med på kva som gagnar dei sjølve og kommunen.
LES OGSÅ: Høgre ville gje Ap ordføraren i Lindås – fekk nei
Eg synest også det er underleg at Høgre-toppane er skuffa over KrF. Ifølgje den same Nh-artikkelen, er leiar Ingrid Fjellsbø overraska over at Høgre no sit i opposisjon. Det er ikkje eg. Allereie under nominasjonsprosessen hadde varaordføraren og partileiaren bestemt seg for at Høgre ikkje skulle samarbeide vidare med KrF etter valet. Det vart til og med kommunisert til KrF tidleg i vinter, ifølgje Arild Stangeland i same artikkel. Det skjedde heilt utan politisk prosess i Høgre-gruppa.
Dette var ein av grunnane til at opprøret i Høgre starta. Fleire av Høgre sine representantar i det førre kommunestyret var ueinige i både framgangsmåte, strategiar og avgjerder, og saman med andre saker førte det til ei splitting i Lindås Høgre. Då Høgre i god tid før valet i tillegg fekk nei frå Arbeidarpartiet om å samarbeide etter valet, burde dei skjønt at vegen til å bli eit opposisjonsparti var kort.
LES OGSÅ: Store problem i Lindås Høgre: – Høgre er eit parti utan leiing
Det er ingen tvil om at det er oppsiktsvekkande at Høgre fekk så få stemmer i kommunevalet. Men det skuldast nok ingen kampanje, berre politisk dumskap.
I eit val har veljarane alltid rett.