Ikkje tvil – dra til Utkant!

Kombinasjonen mellom å sjå og høyra musikk ein likar, kanskje ein favorittartist, band – eller song, og då løftar blikket ut over horisonten, kan kven som helst verta religiøs.

Kombinasjonen mellom å sjå og høyra musikk ein likar, kanskje ein favorittartist, band – eller song, og då løftar blikket ut over horisonten, kan kven som helst verta religiøs. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeiarDet nærmar seg Utkant på Skjerjehamn, og dei som har vore der før byrjar nok å glede seg til den over gjennomsnittet sjarmerande festivalen i Gulens øyrike – for dei veit akkurat kva dei går til. Har du ikkje vore der før, men er i tvil om du skal dra eller ikkje, har vi berre ei anbefaling; gjer det, du kjem ikkje til å angra!

Det er noko heilt magisk ved den vesle festivalen, som ligg på den lille øya i Sogn og Fjordane. Det er som om musikkopplevinga vert ekstra vakker i det enorme naturlandskapet. Står ein på toppen av haugen med kongestatuen, og ser ned mot scena, ser ein samstundes fjell og hav så langt auget kan sjå

Kombinasjonen mellom å sjå og høyra musikk ein likar, kanskje ein favorittartist, band – eller song, og då løftar blikket ut over horisonten, kan kven som helst verta religiøs. Er det i tillegg solnedgang; ja, då får ein gåsehud. Vi trur ingen festival i verda kan gje sitt publikum ei så rå og unik oppleving, som Utkant kan gje sitt publikum på sitt beste.

Lokasjonen for festivalen gjer definitivt noko med stemninga også. No er det truleg god stemning på dei fleste festivalar, men den, i våre auge, perfekte storleiken og den vakre naturen Skjerjehamn er omringa av gjer definitivt noko med folk.

Vi har vore på Utkant i ausande regnvêr og i strålande sol – og uansett vêr har humøret vore på topp hjå alle. Det er eit enormt samhald blant både publikum, festivalleiinga og dei frivillige. Ein får kjensla av å vera ein del av ein stor familie, Utkant-familien. Er du i noko som helst tvil om du skal kjøpe deg pass, synest vi du skal la tvilen komme arrangøren til gode. Og så langt vêrvarslinga rekk, ser det ut som det vert sol òg – noko som ikkje akkurat er eit minus. Hugs; solnedgangen er ekstra magisk med scena, fjella og havet framfor deg.

Vi trur ingen festival i verda kan gje publikum ei så rå og unik oppleving, som Utkant kan gje på sitt beste.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags