Andrea (15) tek eit oppgjer: - Kva er det som gjer at det er så mykje vanskelegare å snakke om at ein har vore hos psykologen?

Av

Eg føler at det er ekstremt tabubelagt å snakke om at ein går til psykolog. Går du til psykolog blir du stempla som deprimert. Må du være diagnostisert med angst eller depresjonar for å gå til psykolog? Og kvifor er dette eit så vanskeleg tema å snakke om, spør 15 år gamle Andrea.

DEL

LesarbrevI Avisa Nordhordland har det vore ei rekke saker som har handla om sjølvmord og psykisk helse. I sosiale medium les ein stadig om folk som strevar psykisk.

Eg opplever at når folk høyrer at eg har vore hos psykologen, blir dei heilt stille og veit ikkje kva dei skal seie. Kjem eg frå tannlegen, og nokon spør meg om kor eg har vore, får eg heilt andre reaksjonar når eg svarar. Dette frustrerer meg. Kva er det som gjer at det er så mykje vanskelegare å snakke om at ein har vore hos psykologen enn hos tannlegen?

Å gå til psykolog er eit opent tilbod for alle som føler dei treng det. Personleg trur eg alle hadde hatt godt av å gå til psykolog ein time eller to for å få «orden» på tankane. Det er sjølvsagt folk som har ekstra behov for det. Er ein diagnostisert med ei psykisk liding, har ein gjerne ein ekstra trong for nokon å snakke med. Det er mange forskjellige grunnar til at ein går til psykolog: Ein kan slite med angst, ha familietrøbbel, depresjonar, dårlig sjølvbilete, eller rett og slett berre vil ha nokon å snakke med.

Når eg er hos psykologen føler eg av og til at eg burde skamme meg. «Eg må hugse å trekke for gardinene», seier ho, som om det ville ha vore livsfarleg om nokon hadde sett meg der inne. For er det eigentleg ein så big deal? I går var eg hos tannlegen. «Hadde du hol», spør ei jente i klassen, «har du vondt?»

Det er enkelt for meg å svare på. Når eg har vore hos psykolog er det annleis, og eg skulle ønskje at eg ikkje følte at eg måtte kome med unnskyldningar for kvar eg hadde vore. Eg skulle ønskje at eg kunne fortalt det, at det var heilt normalt, og at folk ikkje trudde at eg var lei meg heile tida berre fordi eg går hos psykolog. Eg skulle ønskje at eg ikkje blei stempla som ei som berre hadde det vanskeleg.

Eg er nok ikkje åleine om å ha det slik. Eg har etter kvart fått vite om fleire og fleire som går til psykolog, folk eg kjenner som har heldt det hemmeleg. Men eg visste at dei hadde hatt tannregulering, noko vi snakka ofte om. Hadde eg visst at dei gjekk til psykolog, kunne vi snakka om dette også. Då hadde eg kanskje ikkje følt meg så åleine.

Vi snakka stadig om tannreguleringa, kor mykje vi hata den og kor teit den såg ut. Det var liksom aldri eit tema om vi hadde det bra ellers, det kom aldri opp.

Eg trur at denne bodskapen må ut til fleire. Vi må bryte isen. Vi treng å opne oss meir. Alle slit med noko. Kvar einaste ein har noko dei strevar med, noko dei hadde trengt å snakke om. Det burde ha vore slik at ein kunne ha sagt: «Eg har hatt det litt vanskeleg i det siste, eg burde ha bestilt meg ein time til psykolog», på same måte som ein seier at tannverket må ordnast av ein tannlege.

Neste gong du har det vanskeleg, ring venene dine og kontakt ein psykolog. Eg blir lei meg når eg ser folk som ikkje tør å snakke med andre om kva dei slit med. Det er så dumt at folk ikkje kan snakke om korleis dei har det, at dei er redde for å bry andre. Det er heilt normalt å ha følelsar!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags