Kvikksølvet må hevast

Av
DEL

LesarbrevVenstrelaga i Nordhordland og Gulen har i lang tid kjempa for at kvikksølvet frå ubåten ved Fedje skal hevast, ikkje tildekkast. Me er takksame for at partileiinga med Terje Breivik i spissen også denne gangen har lytta til våre argument, og no gjort det mulig at heving kan bli ein realitet.

Terje Breivik gjorde ein grundig jobb med å setja seg inn i kva innvendingar fagmiljøa hadde til det arbeidet og dei vurderingar som låg til grunn for tidlegare konklusjonar. Etter dette vart han, saman med andre Hordalandspolitikarar frå regjeringspartia, ein sterk pådrivar for at regjeringa skulle snu i saka om tildekking. Noko ho gjorde, og no har Rambøll starta oppdraget med å greie ut kva som bør skje vidare. Signala frå eldsjelene og dei som følgjer arbeidet tett er positive. Det gler oss som heiar på hevingsalternativet stort. For me har til liks med dei som har vore frustrerte tidlegare, og gått med ei sterk kjensle av avmakt.

Det er ikkje noko som er vanskelegare for politikarane enn å gå mot faglege råd, slik Audun Lysbakken forklarte kvifor dei raud-grøne regjeringane ikkje gjekk for hevingsalternativet. Råda skiftande regjeringar har fått dei siste 15 åra har ikkje gitt rom for at heving var eit reelt alternativ. Med Venstre i pådrivarrolla er heving no i posisjon til å bli vedteken. Me har tru på at den nye utgreiinga vil gje ein ny konklusjon til glede for dei som aldri har gitt opp kampen, men ikkje minst for at miljøkatastrofen ein gong for alle vert fjerna.

Sveinung Toft og Helge Fjellanger, Alver Venstre

Egil Kvingedal, Masfjorden Venstre

Jan Erik Espelid, Austrheim Venstre

Aslak Nyhammer, Gulen Venstre

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags