Gå til sidens hovedinnhold

Eg er skuffa, vonbroten, men gir meg ikkje

Artikkelen er over 2 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Med forventing tok eg fatt på forhandlingsresultatet til statsbudsjettet 2019.

Eg hadde tross alt jobba med å få KrF mitt eige parti til å ta med eit viktig punkt til forhandlingane nemleg: U864 - ubåten utanfor Fedje, at den MÅ ut av det foreslåtte statsbudsjettet og handsamast som eiga sak med høyring.

Stor var jubelen då min gode partileiar gjekk ut i BT og sa at dette tas opp med regjeringspartia som ei viktig sak, og stor var jubelen når sjølvaste statsminister Erna Solberg i møte med meg sa at dette ikkje var ei prestisjesak for henne, og om stortinget ynskjer dette så skulle ikkje ho stå i vegen for det.

Les også

U-864 ikkje nemnt i budsjettavtalen - fryktar regjeringa no går for tildekking

Stor var derimot skuffelsen når eg ikkje fann dette punktet om U864 i forhandlingsresultatet.

Kva skjedde? Kvifor ville ikkje regjeringspartia møte KrF på denne saka? Eg veit gjennom min partileiar at KrF kjempa som løver for å få ubåten ut av budsjettet, men vann ikkje fram.

Alle som driv med forhandlinger veit at det må gis og tas i slike forhandlinger. Ein får ikkje alt dessverre. Men eg treng å vite kvifor, og det har eg tatt opp med mitt parti, men også med Statsminsteren sitt kontor.

Den raudgrøne regjeringa klarte heller ikkje på åtte år å gjere noko med heving av kvikksølvet og også då var mange skuffa, og noverande regjering meiner det er tryggast å dekkje til. Eg er usamd i det.

Les også

Ein ubåt til besvær

Med andre ord: ingen parti så langt ser kor viktig dette er for nasjonen. At verdas største punktutslepp med kvikksølv ligg rett utanfor «stovedøra» vår blir undervurdert av begge regjeringane. Det hjelper lite å sjå tilbake til den raudgrøne regjeringa - dei klarte jo heller ikkje å gjere noko, og det hjelper lite at noverande regjering heller vil tildekke. No må vi saman kjempe kampen, politisk og fagleg.

Det er difor eg er så uendeleg skuffa, skuffa over forhandlingane. Eg er med i eit politisk parti fordi eg vil vere med å påvirke, utvikle og vere ei stemme i mitt lokalsamfunn. Det er lov å vere usamd med sitt eige parti, det er lov å vere skuffa, men det er ikkje lov for meg iallefall å gje opp. Eg bruker no mykje tid på saka og fram til vedtaket i Stortinget, og eg vil fortsetje å kjempe for eg vil ikkje gje meg. Eg vil gjere det eg kan og meir kan heller ikkje eg gjera. Det er jo difor eg er folkevald og ombod - og med i eit politisk parti. No treng vi stå saman for å påverke fram til vi får eit resultat i tråd med miljøet og folkehelsa vår.

Les også

Avviser ikkje å løfta U864 ut av statsbudsjettet som eiga sak

Kommentarer til denne saken