Gå til sidens hovedinnhold

Vaksne bør læra av barna sine refleksvanar

Artikkelen er over 2 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Alle som køyrer bil har eit omfattande ansvar når dei er ute i trafikken. Ingen ynskjer ulykker, og det er difor viktig at me hjelper kvarandre, både med å sjå oss for og ved å gjera oss synlege i trafikken. Sju av ti vaksne seier dei bruker refleks, mens teljingar viser at om lag fire av ti gjer det. Undersøkingar viser at så mange som 1,7 millionar nordmenn har opplevd nestenulykker grunna manglande refleksbruk. Utan refleks i mørket vil ein bilist berre ha eit par sekund på å sjå deg. Reaksjonstida blir då farleg kort. Med refleks aukar ein ofte denne marginen til om lag ti sekund.

Det vaksne og barn gjerne har til felles, er trua på at bilistar ser dei. Det er nok enkelt å tru ein blir sett, særleg i sentrum med gateljos. Men hugs på at dess meir ljos det er, dess verre blir det å skilja detaljar frå ein annan i gatebildet. Det fine med refleks er at den ikkje er eit ljos, den reflekterer derimot ljos og er i konstant rørsle så lenge du er i rørsle. Det er ein fordel i travle gatemiljø, der mykje konkurrerer om merksemda til alle oss som er ute i trafikken.

Les også

Her kan du sjå kor stor skilnad refleks utgjer i vintermørket

 

Andelen vaksne som bruker refleks har auka dei siste åra, men er framleis for låg. Om lag 40% nytta refleks i 2017. Me vaksne er ærlege på grunnen til kvifor me ikkje bruker refleksen så ofte som me ynskjer: Den blir gløymt og ligg att heime. Me har likevel mange førebilete som gjer seg synlege i trafikken. Det er dei minste av oss, som ofte har fått beskjed av vaksne om å bruka refleks. Det er gjerne dei same vaksne som har gløymt refleks. Å bruka refleks handlar om vanar. Barn som er vane med å bruka refleks, held fram med det. Vaksne som ikkje bruker refleks, held fram med den vanen. Kanskje det då er slik at me vaksne bør læra av barna sine gode vanar? Når refleksen er lett å gløyma er det enklaste grepet me kan gjera å festa refleksar på alle jakker samtidig. Gjer det med ein gong, så hugsar du det til neste gong du er på tur.

Les også

– Det må bli kult å lysa i mørket

Trygg Trafikk sine 5 beste reflekstips:

1.Fest refleks på alle jakker, sekkar og vesker – då har du alltid med deg refleks.

2.Refleksar er forbruksvare som blir slitne over tid. Byt ut gamle refleksar!

3.Bruk helst to refleksar. Då er du synleg frå begge kantar.

4.Refleks synest best når den beveger seg. Fest refleks på armar og bein.

5.Hengerefleksar bør henge i knehøgde for best mogleg effekt.

Knut Olav Røssland Nestås,

distriktsleiar for Trygg Trafikk i Hordaland

Kommentarer til denne saken