Takk til alle sjukepleiarane i Alver kommune!

Ingvild Vestby og Linda Maria Aslesen (t.h.) er sjukepleiarar i heimetenesta i Alver kommune.

Ingvild Vestby og Linda Maria Aslesen (t.h.) er sjukepleiarar i heimetenesta i Alver kommune. Foto:

Av
DEL

MeiningarSjukepleiarane sit på noko av verdas viktigaste kunnskap. Å pleie, behandle og redde liv. Liva våre, til borna våre, til våre eldre. Tida vi lever i akkurat no er prega av pandemi, sjukdom, svakheit og død.

På den internasjonale sjukepleiardagen 12.mai 2020 blir det særleg tydeleg kor mykje dei alle betyr for oss. Derfor er det viktig for meg å seie; gratulerer med dagen, kjære sjukepleiarar her i Alver!

Den internasjonale sjukepleierdagen blei lagt til 12. mai, på sjølvaste bursdagen til Florence Nightingale. I år er det 200 år sidan den ikoniske sjukepleiaren blei fødd i Firenze i Toscana. Ho opplevde sjukepleie som eit heilag kall. Eit yrke som på den tida hadde eit dårleg rykte. Nightingale lot ikkje dette stoppe henne frå å påverke omgivelsane sine, og ho blei den leiande forkjemparen i Storbritannia for betre medisinsk pleie på sjukehusa.

Nightingale var blant anna tydeleg på viktigheita av hygieniske tiltak som ordentlege latriner, sanitære anlegg, reint sengetøy og vindauge som kunne opnast opp. Ho føyer seg inn i ein fagtradisjon som blant anna har lagt fundamentet for verdiane i vårt fantastiske helsesystem i Norge. Ein tradisjon som stolt vert vidareført i dag av over 100.000 sjukepleiarar.

Denne merkedagen 12.mai vil eg bruke til å takke dykk alle for den viktige rolla de spelar i liva til innbyggjarane våre. Sjukepleiarane møter vi i alle fasane i livet. Dei er også trygge vaksne for borna våre, uavhengig av familiens omstende. Dei tar imot og rettleiar nybakte foreldre, sørger for hjelpetiltak til familiar og born med ekstra utfordringar, og er ein trygg og fortruleg støtte for borna og dei unge i skulen.

Denne korona-krisa har verkeleg vist kor viktige sjukepleiarane er i det førebyggjande arbeidet, og for å fange opp dei borna som har det vanskeleg. Borna som er sårbare frå før, får det verre no som samfunnet står i ei krise.

Mange skulehelsetenester og helsestasjonar stengte ned eller reduserte bemanninga når smitterverntiltaka mot korona kom på plass. Parallelt ser vi at talet på bekymringsmeldingar går ned på landsplan. Når sjukepleiarane ikkje er på jobb, eller familiane er redde for å bruke tenestene, går borna som treng hjelp under radaren.

På helsestasjonane vert vald og overgrep mot dei minste borna avdekka. Å vere dei som fangar opp dei verste tinga born kan oppleve er ei vond og krevjande oppgåve. For at dei gode sjukepleiarar våger å sjå og lytte til våre born og unge vil eg seie tusen takk.

Sjukepleiarane gjer også ein formidabel innsats i både heimetenesta på sjukeheimane våre, bufellesskapa og på dei mange legekontor, i ambulansetenesta og legevakta. Også i andre tenesteområder i Alver kommune finn vi sjukepleiarar som står på for yte hjelp og gje råd. Dei ser og dei lyttar, dei er der når vi treng omsorg, pleie og hjelp. Sjukepleiarane fortener sin eigen dag, og med mottoet til Norsk Sjukepleiarforbund: tydeleg, modig og stolt vil eg gratulere dykk alle med dagen 12.mai og ynskjer dykk alt godt og lukke til i arbeidet på vakt for våre innbyggjarar enten dei er små eller store!

Artikkeltags