«Har eg verkeleg engasjert meg i ti år fordi eg trong eit festlokale?»

Gudmund Husdal reagerer på å ha blitt kalla ein grenselaus egoist, som berre vil ha eit festlokale. Etter å ha tenkt på å skrive eit lesarinnlegg om dette heilt sidan mai, tar han igjen opp att debatten om skjenking i Storstova på Leknes.

Gudmund Husdal reagerer på å ha blitt kalla ein grenselaus egoist, som berre vil ha eit festlokale. Etter å ha tenkt på å skrive eit lesarinnlegg om dette heilt sidan mai, tar han igjen opp att debatten om skjenking i Storstova på Leknes. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeiningarI desse dagar går fristen ut for å senda inn høyringsuttale til Lindås kommune sin alkoholpolitiske plan.

Det vert spennande å sjå om kommunestyret tar eventuelle uttaler ang. Storstova på Leiknes til etterretning, og endrar på planen.

Sannsynlegvis gjer dei ikkje det.

I vår kom det fram at kommunen hadde drive ein form for dobbeltspel i arbeidet med Storstova.

Bygda, som hadde gått inn med ein stor eigendel, hadde hatt eit inntrykk av at me fekk ein fleirbrukshall, der det blant anna skulle kunne søkast om eit skjenkeløyve ved gitte høve.

Kanskje ikkje den heilt store tingen for alle, men ein del av det mangfaldet me trudde på og jobba for.

Plutseleg var det ikkje sånn lenger. Kommunen hadde funne ut at å kunne bruke hallen til private og offentlege tilstellingar, i kombinasjon med eit skjenkeløyve gjekk ikkje an.

Og ja; endringane kom veldig brått på, og resultatet vart ein del sure folk.

Saka vart omtalt i avisene, som også hadde bilde av tre sure personar, deriblant meg.

Denne avisomtalen førte til at Styremedlem i Edru Livsstil/generalsekretær i DNT; Marit Barene, i Mai sette seg ned og skreiv eit lesarbrev om saka.

Ho tok til ordet for ei total avhaldssone i og rundt skulen, noko som er eit heilt greitt synspunkt.

I lesarbrevet vart eg forresten omtalt med eit heilt nytt ord: Ein bygding!

Litt artig, spesielt når avsendar har adresse i storbyen 5914 Isdalstø...

Men det ho skreiv som verkeleg sette tankane mine i sving, var at ho kalla oss tre sure dugnadsfolk for grenselause egoistar, som berre ville ha seg eit festlokale.

Eg har sidan mai spekulert på denne påstanden til Marit Barene. Har eg verkeleg engasjert meg i ti år fordi eg trong eit festlokale?

Svaret skal du få her Marit Barene, og svaret er eit stort: NEI!

Eg treng inga Storstove til å festa i.

Og no kjem poenget: Eg personleg treng faktisk ikkje ei Storstove i det heile tatt!

Like lite som eg treng skulen, barnehagen, kapellet, skuleskyss, veglys eller nye byggefelt.

Så tusen takk for at du opna auga mine Marit Barene!

No skal denne grenselause egoisten ha seg ein lang og dugnadsfri periode, og så kan dei treng noko ta seg av dugnadsarbeidet.

Mvh Gudmund Husdal – Grenselaus egoist


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags