Det går før seg ein debatt om Storstova på Leiknes og korleis denne skal nyttast. Eit bygg som har sitt utspring i ei samla bygd sitt initiativ for å skape rom for mangfaldige aktiviteter. Me ville samla bygda vår på tvers av forelda skiljelinjer under eitt tak i éin bygdearena. Ei romsleg stove der alle kunne høyra til, vera seg sjølv og kanskje finna kvarandre på ein ny måte. Eit hus med låg terskel og høgt under taket.

I fleire mannsaldrar har me hatt hus med definisjonsmakt. Me tenkte at det kunne vera slutt på det no. Derfor var alle med på å reisa bygdebidraget. Dugnadsgjengen frå alle hus og leirar. Alle drøymde om sine aktivitetar i ei og same stove. Nokre ville gjera det kjekt for barn og unge, nokre ville ha Koriade eller revy og litt vin i glaset på seine kvelden. Nokre ville spela ball, og nokre ville ha åndelege samvær. Nokre ville ha jubileumsfest og andre ville feira store dagar.

Det eine skulle ikkje utelukka det andre, og Storstova skulle tena både bygda og distriktet vårt. Slik vart spleiselaget mellom kommunen og bygda etablert. Me tykte det var godt.

Frå 2008-2017 klarte me reisa 1.7 millionar kroner. Bygdebidraget var avgjerande for at Storstova kunne realiserast. I 9 år snakka me ope og varmt om denne store draumen for vår fleirbrukshall.

For det fekk me lovord og ros frå politisk og administrativt hald i kommunen. Godt og entusiastisk samarbeid mellom bygda, politikarar og kommunen har prega prosessen med Storstova. Alle parter kan dra nytte av å jobba saman mot felles mål og dette har vorte løfta fram som eit eksempel til etterfølging.

No står Storstova der, gild og fin, og me gler oss kvar dag. Berre ikkje alle. Dei som trudde at vår fleirbrukshall skulle få same vilkår som Nordhordlands-hallen og Lindås-hallen i høve til skjenkeløyve, fekk seg ei overrasking.

Det er ikkje Opplæringslova som kjem i vegen for at Storstova i særskilde høve kan få skjenkjeløyve. Me siterer gjerne den delen Rådmannen ikkje tok med i høyringsgrunnlaget for Alkoholpolitisk plan. Opplæringslova § 9.5 tredje ledd lyder slik:

«I kombinerte anlegg for skole og andre formål kan det i særlege høve gjerast unntak når desse anlegga vert nytta til kulturelle og sosiale føremål utanom skuletida.»

I Stortinget sin spørjetime i juni 2007, stilte Ine Eriksen Søreide (H) spørsmål til dåverande Kunnskapsminister Djupedal (SV) korleis denne delen av paragrafen kunne bli reell all den tid det er svært mange slike kombinerte anlegg i Norge. Djupedal svarte slik: - Loven åpner for en konkret vurdering ut fra lokale forhold, hvor det legges til rette for en praksis som sammenfaller med lokalsamfunnets interesser og samtidig skjermer barn og unge mot aktiviteter som medfører alkoholskjenking.

Det er heller ikkje Alkohollova som kjem i vegen for at Storstova i særskilde høve kan få søkja ambulerande løyve. Slike løyve kan etter søknad gjevast til «steder som godkjennes for en enkelt anledning og for skjenking til deltakere i sluttet selskap.» Altså enkelte høver slik som Humørfestival, den årlege revyen eller Koriaden, eller slutta selskap.

Det er med andre ord berre alkoholpolitiske prinsipp som kjem i vegen. Prinsippa vert vedtekne av våre folkevalde på vegne av fellesskapet. Det er deira plikt. Det var derfor me gav dei tillit. I denne saka tykkjer me at de viser oss som bygd, liten tillit.

Skal prinsippa vinna over vår draum?