Dei siste dagane har det vore mykje snakk om den nye stortova på Leiknes. Sjølv hamna eg i ein diskusjon under ein rekefest hjå gode vener før helga. Diskusjonen gjekk ivrig, men konklusjonen i venelaget var at storstova høyrer til skulen, og skulen skal vere alkoholfri sone.

Avisa skreiv nyleg om kommunen som no har fått bygdefolk på Hjelmås og Leiknes på nakken. Årsaka er at kommunen ikkje vil tillata at det vert nytt alkohol i den nye storstova. Bakgrunnen for alkoholnekten er fordi kommunen har nedfelt i ein alkoholpolitisk plan at det ikkje skal vere tillate med alkohol i skulebygg, og kommunen reknar den nye storstova på Leiknes som eit skulebygg.

– Egoistisk snakk

Bygdefolket protesterer. Dei har samla inn pengar for å bidra til at den nye storstova vart reist, og no står nokre bygdingar fram og seier at innbyggjarane ikkje ville ha opna lommeboka i like stort monn om dei på førehand visste at det ikkje ville bli tillate med alkoholservering. Dette må vere det mest egoistiske snakket eg har høyrt!

 

Bygdingane seier dei ikkje har samla inn pengar til kommunen eller skulen. Kva har dei då samla inn til? Festlokale for seg sjølv?

Ja, men festlokale har dei jo fått! Kva meir vil dei ha?

Å ja, sjølvsagt, retten til å servere alkohol. Ein fest er jo ikkje ein fest utan alkohol! Det same gjeld tydelegvis også for revyar og konsertar, skal ein tru bygdingane. Alkohol høyrer til.

Bygdingane seier vidare at dei oppdaga at noko ikkje var som det skulle då det kom eit nei til skjenking i ein 50-årsdag i Storstova. Eg feira sjølv nyleg min store 50-årsdag, men eg valde å feira festen heime i mi eige «storstove» med tretti bodne gjester, og ikkje ei einaste flaske alkohol. Og for ein fest det vart! Kvifor er det framleis slik at nokre trur ein fest ikkje er fest viss ein ikkje har alkohol på bordet?

Nok av dei vaksne sin egoisme! Om det skal nyttast alkohol i storstova, kvar vil då bygdingane gjere av ungane i nabolaget alle dei kveldane det skal vere fest, revy eller konsert? Skal ikkje ungane få nytta skulen sitt uteområde, leikeapparata og skuleplassen etter klokka sju om kvelden når festen eller konserten er i gong?

Les også

Bør gjere ny skjenkevurdering for storstova

 

– Irrelevant om det er fleirbrukshall

Det er irrelevant om storstova er ein fleirbrukshall eller ikkje. Storstova på Leiknes er ein del av skulen, og i Lindås sin alkoholpolitiske plan er det ikkje lov å skjenka på skular.

Fleirtalet i formannskapet ville ikkje gjera noko med reglementet i denne omgang. Godt er det. På torsdag skal saka avgjerast i kommunestyret. Då håper eg medlemene i kommunestyret ser kva ansvar dei har for borna og stemmer nei til skjenkerett i storstova.

Einar Gerhardsen har sagt «Alle må gjere si plikt før dei kan krevje sin rett.» Eg vil oppmode til å setje barna sin rett framføre dei vaksne sin rett, sjølv om dei vaksne har gjort si plikt med innsamlinga.

Bildeserie

Storstova på Leiknes er endeleg opna!