– Har administrasjonen rett , kan det ikkje opnast for skjenking i Storstova i det heile

Diskusjonen kring skjeking i Storstova på Leiknes vart nyleg satt på pause, då eit fleirtal i kommunestyret torsdag bestemte at Storstova skulle takast ut av gebyrregulativet.

Diskusjonen kring skjeking i Storstova på Leiknes vart nyleg satt på pause, då eit fleirtal i kommunestyret torsdag bestemte at Storstova skulle takast ut av gebyrregulativet. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Så stod dei der, opplæringslova, alkoholpolitisk plan, og gebyrregulativet. Men størst av dei er gebyrregulativet?

DEL

LesarbrevDet har vore stor diskusjon om Storstova på Leiknes og om ein kan servere alkohol der. Diskusjonen vart nyleg satt på pause, då eit fleirtal i kommunestyret 11.05.17 bestemte at Storstova skulle takast ut av gebyrregulativet. Det er mykje ein kan ta tak i her, og prinsippsaka om skjenking i skuleanlegg eller bygningar i samband med skular er vanskeleg. Eg skal ikkje gå inn på dette no, men vil peike på ein del rot eg mistenker at har vore oversett så langt.
 

I. Opplæringslova


Skjenking i Storstova vart avslått av administrasjonen grunna at den var ein «naturleg del av skulen». Dersom dette er rett, følgjer det av opplæringslova § 9-5 at det uansett ikkje kan skjenkast i Storstova: Ein kan berre få skjenkeløyve i «kombinerte anlegg for skole og andre formål … når desse anlegga vert nytta til kulturelle og sosiale føremål». Dersom «ein naturleg del av skulen» betyr eit skulebygg, er det ulovleg å skjenke alkohol der.

Dersom administrasjonen har rett her, kan det altså ikkje opnast for skjenking i Storstova i det heile. Ei utsetjing av prinsippsaka har då ikkje noko å seie. Alt på denne bakgrunnen kan ein lure på om vurderinga er rett i denne saka.

II. Alkoholpolitisk plan
 

Dersom administrasjonen har forsøkt å seie at Storstova inngår i eit «kombinert anlegg», kan det i «særlege høve» skjenkast alkohol der etter opplæringslova § 9-5. Kommunen kan setje grenser for skjenkinga gjennom å definere kva som er «særlege høve». Lindås har i sin alkoholpolitiske plan vedteke at det ikkje skal vere skjenking i kommunale skulebygg.
 

Her er eit anna problem med det administrasjonen har bestemt. Dei har avslått søknad om skjenkeløyve på grunn av at Storstova er ein «naturleg del» av skulen. Men det er ikkje bestemt i alkoholpolitisk plan at det ikkje kan skjenkast alkohol i «naturlege delar» av skulen – det er bestemt at det ikkje kan skjenkast alkohol i kommunale skulebygg.

Administrasjonen har her stelt seg lagleg til for hogg: Dersom «ein naturleg del av skulen» betyr «eit skulebygg», kan det ikkje skjenkast der i det heile, etter både opplæringslova § 9-5, og etter alkoholpolitisk plan. Saka er då allereie avgjord. Og dersom «ein naturleg del av skulen» ikkje betyr «eit skulebygg», er det etter alkoholpolitisk plan greitt å skjenke alkohol der.


Dersom administrasjonen si avgjerd skal vere rett, må dei altså utvida alkoholpolitisk plan gjennom tolking, slik at det ikkje lenger er forbode med skjenking i skulebygg, men at det er forbode med skjenking i alle «naturlege delar» av skulebygga. Dette er ikkje bestemt i kommunestyret.

Dersom administrasjonen har kome til at alkoholpolitisk plan forbyr skjenking i «ein naturleg del av skulen», har dei gjord ei utvidande tolking. Utvidande tolkingar kan ein ikkje gjere der ein føler for det. Sidan dette ikkje er grunngjeve spesielt, iallfall ikkje så vidt eg veit, er også dette ein grunn til å setje spørsmålsteikn ved vurderinga i Storstove-saka.

III. Gebyrregulativet


I kommunestyremøtet 11.05.17 avgjorde fleirtalet at Storstova skulle ut av gebyrregulativet. Men gebyrregulativet kan ikkje bestemme kvar det kan skjenkast alkohol – det er det alkoholpolitisk plan som avgjer. Uansett om Storstova står nemnt i gebyrregulativet eller ikkje, kan ho framleis vere eit «kombinert anlegg» etter opplæringslova § 9-5, og det kan framleis diskuterast om ho verkeleg er ein «skule» etter alkoholpolitisk plan. Å fjerna Storstova frå gebyrregulativet, er altså ikkje ei løysing i det heile. Ein måtte då endra alkoholpolitisk plan slik at det berre kunne skjenkast i dei bygga som er lista opp i gebyrregulativet. Ei slik endring var det ingen som foreslo.

Den oppklåringa mange håpte på, kom etter mitt syn ikkje i kommunestyremøtet 11.05.17. Tvert om har fleirtalet i kommunestyret medverka til meir uklårheit.

IV. Runde to

Saka skal til diskusjon så snart som råd. Antakeleg til hausten. Ein skal då diskutere om det prinsipielt sett skal vere lov å skjenke alkohol i Storstova.

Ein prinsipiell diskusjon om dette, må antakelig gå ut på korleis ein skal handsame alle tilsvarande bygg i kommunen: Der eit egna lokale er bygd inn i eller i samband med eit skulebygg, men lokalet klart let seg avgrense frå skulen slik at det er eit «kombinert anlegg» etter opplæringslova § 9-5, kan det skjenkast alkohol dersom kommunestyret tillét dette. Denne diskusjonen bør m.a. bygdefolket på Leiknes, som utan tvil har arbeidd hardt for å realisert Storstova, markere seg i. Her er ein nemleg ikkje bunden av juridisk fiksfakseri og administrative vurderingar.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags