Nei til vindmøller i Stølsheimen

Vindturbin mot blå himmel. Skyer.
A wind turbine is a device that converts kinetic energy from the wind, also called wind energy, into mechanical energy in a process known as wind power.
Foto: Frank May / NTB scanpix

Vindturbin mot blå himmel. Skyer. A wind turbine is a device that converts kinetic energy from the wind, also called wind energy, into mechanical energy in a process known as wind power. Foto: Frank May / NTB scanpix Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette vedtok Laksevåg Arbeidersamfund på sitt årsmøte 9. jan 2019. Eg vil oppfordre alle andre partier, partilag og organisasjoner i Bergen og i fylket om å gjere lignende vedtak. Her må vi stå saman for å få stoppa desse vanvittige planane til Norsk Vind Energi AS;

Store fjellområder i Nordhordland, herunder Stølheimen med tilstøtande områder, står på lista over mulige satsingsområder for ei storstilt utbygging av vindkraft. Planane går ut på at over 300 vindmøller opptil 250 meter høge, kan verta plassert i fjellområda i Masfjorden, Modalen, Lindås og Høyanger (sør).

Områdene det er snakk om er mykje brukt som turområde både av lokalbefolkningen og tilreisande.

Ei slik utbygging vil, etter Laksevåg Arbeidersamfund sin oppfatning, være eit sterkt øydeleggjande naturinngrep og vil rasere fjellområda som rekreasjon - og turområde. Det er viktig med stillhet og ro når ein ferdes i naturen. Vindmøller lager støy, vil verta plasserte på dei høgaste toppane slik at dei vert synlege langt ute ved kysten og langt inn i fjellheimen ellers. Visuell forurensing er resultatet.

Delar av Stølsheimen er frå 1990 verna under navnet "Stølsheimen landskapsvernområde".

Miljøvernorganisasjonar, Bergen og Hordaland turlag og Stordalen Vel er blant dei som er sterkt imot ei utbygging. Dei fleste av grunneigarane er også imot ei utbygging.

Laksevåg Arbeidersamfund seier nei til vindmølleutbygging i Stølsheimen, eit av dei siste forholdsvis uberørte fjellområda her i vest.

Odd Inge Matre

Laksevåg Arbeidersamfund

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags