Blås i Stølsheimen: Potensialet for vindkraft til havs på lang sikt er enormt

Av
DEL

Lesarbrev«Den blågrøne regjeringa satser nå sterkt på flytende havvind, som kan bli blant Norges største eksportvarer. Norge har en helt unik mulighet til å ta en ledende rolle internasjonalt om vi satser på morgendagens løsninger – i dag. Mange land har arealkonflikter knyttet til vindkraft på land og for dem kan flytende havvind være en god måte både å sikre energiforsyning og nå sine klimaforpliktelser. Dette kan uten tvil kalles en vind-vinn situasjon både for Norge og verden», skreiv Stortingsrepresentantane i Energi- og miljøkomiteen Lene Westgaard-Halle (H), Gisle Saudland (FrP) og Ketil Kjenseth (V) på nettstaden Sysla i juli i år.

Planane om utbygging av Stølsheimen til nytt område for vindproduksjon minner lite om ei satsing på flytande havvind for ein global marknad. Når regjeringa anerkjenner dei store konfliktane med å satse på vindindustri på land, er det underleg at dei likevel tar sikte på å industrialisere urørt og sårbar natur landet over.

Energibruk- og produksjon står for 2/3 av verdas og Noregs klimagassutslepp. Målet om å halde temperaturaukinga under 1,5 grader, som Miljøpartiet Dei Grøne kjemper for, handlar ikkje minst om å gå frå fossil til fornybar energi. Fornybar energi kan potensielt verte ei ny, viktig næring for Noreg, gjennom utvikling og produksjon av system, installasjonar og batteri, mogleggjering av ein industrisektor basert på nullutslepp og mogleg eksport av kraft til Europa.

Frå Bergen og Hordaland turlag sin støttemarsj for Stølsheimen.

Frå Bergen og Hordaland turlag sin støttemarsj for Stølsheimen. Foto:

Utbygging av fornybar energi er ikkje heilt problemfritt. Dei Grøne meiner at vi må føre ein restriktiv politikk for utbygging av vindkraft på land og seie nei til øydelegging av verdifulle natur- og friluftsområde. Tidlegare var kampen mot vasskraftutbygging ein av dei viktigaste sakene for miljørørsla. I desse dagar vert kampen mot storskala vindutbygging i Stølsheimen blåsen i gang. 540 personar møtte søndag opp til ein støttemarsj for Stølsheimen.

Planane for Stølsheimen bør leggast i skuffa av omsyn til naturen òg fordi det finst betre alternativ.

Regjeringa bør heller satse på eit nytt industrieventyr til havs. Potensialet for vindkraft til havs på lang sikt er enormt. Det teoretiske potensialet ligg på 14 000 TWh12, som er meir enn 100 gongar så stort som heile Noregs vasskraftproduksjon. Investeringane i vindkraft til havs auka med 39 prosent eller 190 milliardar kroner i 2016 samanlikna med året før. Same år eksporterte Noreg for 5 milliardar kroner i havvind, som er større enn noko anna eksport av fornybar energiteknologi, inkludert vasskraft. Resultatet er billegare produksjon av vind til havs – det billigaste offshore vindprosjektet i dag kostar omtrent det same som det billigaste land-vindprosjektet i 2015.

Arild Hermstad og Karina Garnes Reigstad frå Miljøpartiet De Grønne. No reiser dei felles front mot vindkraftutbygging i Stølsheimen.

Arild Hermstad og Karina Garnes Reigstad frå Miljøpartiet De Grønne. No reiser dei felles front mot vindkraftutbygging i Stølsheimen. Foto:

I tillegg til investeringsvilje i industrien har Noreg verdsleiande kompetanse på maritime operasjonar, botnfaste- og flytande konstruksjonar. Nettopp fordi vi har erfaringa frå petroleumsverksemd til havs er havvindkraft eit område der Noreg har eit betydeleg konkurransefortrinn. Denne satsinga vil gje mogelegheiter for norske verft, ingeniørar og heile leverandørindustrien til oljenæringa, og vil vere eit viktig steg mot nye grøne arbeidsplassar i industrien.

Det er allereie brukt betydelege midlar på forsking, juridisk rammeverk for vindkraft til havs og konsekvensutgreiing av aktuelle område. NVE har allereie kartlagt dei best eigna områda for havvind og den nasjonale strategien for forsking og utvikling, demonstrasjon og kommersialisering av ny energiteknologi – Energi21 – har havvind som eitt av sine seks hovudsatsingsområde.

I staden for å rasere urørt og sårbar natur i Stølsheimen bør regjeringa bidra til at teknologiutviklinga innan havvind og flytande installasjonar utviklar seg, slik at det blir lønsamt å investere i denne type anlegg. Ikkje berre er det nødvendig av omsyn til naturen, men det er også smart for økonomien, sysselsettinga og næringsutviklinga.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags