Gå til sidens hovedinnhold

Ingen tvilte på at ho var god nok til å spele med gutane, og ingen bør tvile på at ho er god nok til denne jobben

Artikkelen er over 3 år gammel

Jenta i gata, som alltid løp med ein fotball i beina, skal ta norsk toppfotball vidare. Det trur eg blir veldig bra.

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Plutseleg poppa e-posten opp på skjermen. Lise Klaveness er tilsett som direktør for elitefotballavdelinga i NFF. Frekhaug-hjartet mitt banka litt ekstra. Slik det har gjort kvar gong ho har gjort noko stort, og det har blitt nokre slike augneblink.

Lise var jenta i gata, nokre år yngre enn meg, som hang med fotballgutane. Eg kan ikkje hugse henne gå eller springe rundt i byggefeltet vårt på Frekhaug utan ein fotball i beina. På den tida var det ofte ikkje nok jenter til å danne lag i kvart alderstrinn. Fotballjentene spilte ofte på gutelag. Også Lise, men det var fordi ho var meir enn god nok til det. Ingen i Kvernbit tvilte på talentet. Ingen bør tvile på om ho taklar denne jobben.

Det var heller ingen tvil om at talegåvene var i orden, og at hovudet var på rett plass på den midterste i søskenflokken Klaveness på tre, nedst i bustadfeltet. Skulearbeidet vart gjort som det skulle, sjølv da ho vart toppspelar i Sandviken og sidan Arna-Bjørnar, som berre heitte Bjørnar den gangen. Men fotballen var hennar store lidenskap.

Les også

Lise Klaveness får jobben til Nils Johan Semb

Landskampar, pokalar og andre utmerkingar var nøydde til å komme på fotballbanen. Sjølv om ho måtte dra austover, og sidan til Sverige for å vinne. Dessverre vart ho på feil side av fjella. Utanfor banen vart ho advokat, noko som ikkje var veldig overraskande. Den nytilsette direktøren for elitefotballavdelingen er ein person som stort sett når de måla ho setter seg.

Ho toler å stå i stormen. Det viste konflikten med tidlegare landslagssjef Bjarne Berntsen i 2007. Då valde ho å gi seg på landslaget. Eg sikker på at ho kjem til å stå i stormen i sin nye jobb også. Vere den uredde, og det trur eg kan vere ein veldig god eigenskap i den jobben ho skal ha no, der ho skal blande sin egen fotballkjærleik med ei fagleg rolle. Det kan vere ein balansegang. For å komme seg der ho er i dag, har Lise møtt mange problemstillingar, og ho har komme styrkt ut av det.

Om ho kan bruke den styrken i sin nye jobb, er eg sikker på at toppfotballen i Norge kan sjå lyst på jobben ho skal gjere. For ho hadde ikkje tatt jobben om ho ikkje trudde at ho fiksa den.

Les også

Blir første kvinne som kommenterer fotball-VM

Kommentarer til denne saken