Generasjon repetisjon

Illustrasjonsfoto: Morten Sæle

Illustrasjonsfoto: Morten Sæle Foto:

DEL

Skråblikk

Den gjennomsnittlege ungdomen har høyrt dei overbrukte frasene «då eg var ung», og «ungdomen no til dags!». Både foreldre og lærarar har lagt seg under den uheldige trenden. Dessertgenerasjonen vart våre føresette kalla. Kanskje det er difor dei til alle eller dei fleste tider er fysen på oppskåren hermetikkfrukt i sukkerlake?

Sukkerlaken byrja å brukast flittig i drinkar på rundt søttitallet. Det same tiåret vart diskobuksene ein storslagen hit blant både kvinner og menn. Diskobuksene er stadig å sjå på ungjenter. Kva er det som er så flatterande med blussa bukser som kan sjå ut til å ha plass til minst to personar? Det er ikkje lenger nok å sjå ut som ein mannekeng frå eit av dei mange butikkvindauga til Bik Bok, jo rarare desto betre. Kleda kan gjerne syast og vert sømt sjølv, elles er det flott om dei kjem frå ein vintagebutikk på hjørnet i ein av Københavns mange gater.

Plutseleg er det dei gamle filmane som dregst fram. Quentin Tarantino er ein moderne helt. Det vesle universet han har skapt er eit vidunder utan like, og vi siklar etter den semi-utslitne livsstilen. Det er verkeleg noko ved den romantiserte tilstellinga av eit brutalt drap vi tiltrekkjast av. Ikkje berre dei filminteresserte har gull for seg, det finst nemleg fritidsaktivitetar for alle og ein kvar! Organisert yoga og crossfit er på topp, henta rett frå det fargerike åttitallet. Unge som intravenøst lever på steroider for å sjå ut som ein oppblåsbar ballong. Kor vert det av det organiske?

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Det handlar om å framstilla seg sjølv som ein økologisk gudinne på Instagram. Det vert reklamert og vert delt bilete av smoothie bowls, green tea, tannbleiking og kosttilskott for hår, og det å støtta Dyrebeskyttelsen vert fremja plebeiisk på dei mange sosiale medium. Har du tenkt å få i deg eit glas mjølk om morgonen, og ei brødskive med egg? Feil! Bøner, linser, tofu og vitamintilskott er dei nye bestevennene dine.

Det sensasjonelle med generasjonen vår, er den glorifiserte girlpower-rørsla. Jenter og gutar som spelar på kjensler i form av cellulitter, niplar, uperfekt hud, dobbelthaker, valkar og kroppshår. Det er viktig å presisera at dette er veldig særeige. Har du som nemnt over? Vêr så god, her har du frikort for å uttala deg som du vil om samfunnet og medmenneske utan kritikk! Du må berre ikkje tenkja på å ta fram høvelen, kroppshår er der for ein grunn. Brenn alle bh-ar du kjem over. Har du gått tom kan du i ny og ne kjøpa eit par for å brenna for den brennheite grunnen i saka.

Følg Nh Ung:

Snapchat: nordhordlandung

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/nh-ung

Sukkerlaken er eit underleg fenomen. Han vert brukt for å verna friskheten til dei mange delikatesser vi puttar i ho, men òg for å gje ein søt smak. Smaken kan vernast i ein hermetikkboks i fleire tiår utan at han myglar. Den intetanende generesjon perfeksjon kan plasserast i same bås med denne hermetikkboksen. Tida passerer oss, men sånn sett kunne ein sagt at tida står stille. Kleda vi går med, musikken vi høyrer på, filmar vi ser på og kulturen vår er noko som høyrer heime for minst tjue år sidan. Vi tilpassar oss eit samfunn som ser ut som vinylplater og miss sixty jeans.

Men alt i alt er vi ein playstationspelande, telefontrykkande og instagrampubliserande gjeng av ein generasjon. Sjå den snapchat-storyen ein gong til. Generasjon repetisjon.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags