Søkjer seriøse svar frå Vågstøl

Morten Klementsen og FNB blir skulda av Høgre-politikar Karl Vågstøl om å bløffe om byvekstavtalen. Det avviser Klementsen i dette innlegget.

Morten Klementsen og FNB blir skulda av Høgre-politikar Karl Vågstøl om å bløffe om byvekstavtalen. Det avviser Klementsen i dette innlegget. Foto:

Av
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Byvekstavtalen medførar bygdedød. «Kor står det», spør Høgre og Vågstøl, og påstår at FNB lyg.

Svar: Det står blant anna på side 8 og 9 i kapittel 5 byvekstavtalen:

- Lokalisering av nye bustader, handel, service og annan besøks- og arbeidsintensiv verksemd skal i hovedsak skje i regionale vekstsoner.

- Utanfor dei regionale vekstsonene skal det kunna bli lagt til rette for utbygging for å oppretthalda gode og levande lokalsamfunn.»

Ordet «hovedsak» betyr at hovedregelen er sentralisering. Neste setning seier at utbygging i distrikta er unntaksregelen. Fordi det står: «.. skal det kunna bli ... oppretthalda...» Altså: ikkje nysatsing og ikkje vekst i bygdene. Men ei opning for å kunne oppretthalde. Som no.

Dei som har stemt for byvekstavtalen, har stemt for at hovedregelen i framtidig arealplanlegging i Alver skal vere sentralisering. Det vil på sikt, og litt etter kvart, gje utarming av bygdene, og dinest bygdedød. Ordlyden er heilt klar. Men har nokon villeia representantane med muntleg prat?

Lat meg stille eit motspørsmål: Dersom det er sant slik Høgre, Vågstøl og Ordføraren med fleire seier, at byvekstavtalen ikkje legg nokon nye restriksjonar på arealpolitikken til kommunen: Kvifor er då kapittel 5 «arealplanlegging» med i byvekstavtalen? Kvifor?

Og kva er Byvekstavtalen viss den ikkje er juridisk bindande, slik dei same påstår? Ein avtale er pr definisjon bindande. Kor står det i avtalen at dei mange punkta ikkje er bindande? Kor står det at avtalen er berre ein intensjonsavtale (målsetjingserklæring)? Kor står det?

Dette er byvekstavtalen

Artikkeltags