Snøggbåten: «Saka bør vera ei lærepenge for politikarane våre»

Skyss kan ikkje unnlate å gjennomføre politiske vedtak. Samtidig bør saka vere ein lærepenge for politikarane. Vedtaka dei gjer må vere tydelege og finansieringa må vere på plass. Her har det tydelegvis vore mykje «viss».

Skyss kan ikkje unnlate å gjennomføre politiske vedtak. Samtidig bør saka vere ein lærepenge for politikarane. Vedtaka dei gjer må vere tydelege og finansieringa må vere på plass. Her har det tydelegvis vore mykje «viss». Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Leiar:I november i fjor gjorde fylkespolitikarane eit vedtak om å styrke snøggbåttilbodet mellom Nordhordland og Bergen. Halvannan million kroner vart løyvd til formålet i budsjettet for 2018. Eit halvt år etterpå har det ikkje skjedd noko. Ingen nye avgangar er oppretta eller under planlegging. Til Avisa Nordhordland i dag forklarer Skyss seg med at dei ikkje har fått tilført pengane politikarane har gjort vedtak om.

Saka har blitt ei skikkeleg floke, der fylkespolitikarane krev handling frå Skyss, medan det fylkeskommunale transportselskapet argumenterer med at vedtaket ikkje er følgd opp med reelle løyvingar. Dette er for så vidt riktig. I vedtaket har politikarane tatt for gitt at Hordaland/Bergen skulle få pengar frå ein pott på 100 millionar regjeringa ville løyve til dei som har såkalla bymiljøavtale med staten. Fylkespolitikarane forskotterte difor pengane til Nordhordlandsbåten frå denne potten.

I etterkant har regjeringa endra på føresetnadane om desse midlane og fleire regionar kjempar om pengar frå den same potten. Kor mykje Bergen/Hordaland får er framleis uklart. Teknisk sett har Skyss rett, dei har ikkje fått pengar.

Men Skyss er eit heileigd fylkeskommunalt selskap og må forhalde seg til at dei blir politisk styrt. Er det gjort eit politisk vedtak, så må det følgast opp av administrasjonen. Situasjonen som har oppstått no begynner å bli pinleg for både Skyss og samarbeidspartia Ap, KrF og Sp.

Opposisjonen er utålmodig og krev handling, og der er vi heilt på linje. Uansett kven som har ansvaret og kva som er forklaringa, må denne saka ryddast opp i snarast. Det er i begge partar si interesse. Skyss kan ikkje unnlate å gjennomføre politiske vedtak. Samtidig bør saka vere ein lærepenge for politikarane. Vedtaka dei gjer må vere tydelege og finansieringa må vere på plass. Her har det tydelegvis vore mykje «viss».

Vedtaka til politikarane må vere tydelege og finansieringa må vere på plass.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags