Skyss går baklengs inn i framtida

Gunnar Hauge meiner Skyss må sjå Nordhordlandsbåten og Askøyrute i samanheng.

Gunnar Hauge meiner Skyss må sjå Nordhordlandsbåten og Askøyrute i samanheng. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

... og har også lita tiltru til sine eigne appar og Askøypendlarane.

DEL

MeiningarDet er gledeleg at det er eit samstemt samferdselsutval som har gått inn for at ein skal styrka Nordhordlendingane sin bybane, og at fleirtalskoalisjonen i fylket allereie frå 2018 vil løyve meire pengar til ruta.

Sjølv køyrer eg til Frekhaug terminal/kai og tek båten til Strandkaien, må vente der i 27 minutt for å ta båten til Kleppestø, for å så å vente 7-8 min på buss vidare til Florvåg. Samla reisetid er omtrent dobbelt så lang som å køyre eigen bil, kostnaden er nesten kun ein brøkdel. Det høyrer med til historia at båten til Askøy går frå kaien 7 min føre Nordhordlandsruta kjem inn til Strandkaien. Frå nyttår  får Askøyruta nye rutetider, og Nordhordlandsruta vil kome til Strandkaiterminalen kun 2 min etter at Askøybåten har gått. Vidare vil returen om ettermiddagen verte 10 min lenger frå 1.01.2018, då Askøybåten vil komme 10 min tidlegare til Strandkaien, og Nordhordlandsruta har uendra rute. No nyleg  har det kome nye venteskur på Strandkaien, som er velegna sommarstid, men å sitje der å lese eller utnytte tida effektivt i 27 min om vinteren freistar ikkje. Til no har det vore bra setekapasitet frå klokka 7 om morgonen på terminalen, men der er det no kun to sete att, dei andre er erstatta med oppbevaringsboksar. Så nett no går alt i min disfavør.

Eg har i lengre tid vore i kontakt med Skyss, og dei takkar for konstruktive innspel, men dei har ikkje tenkt å gjere endringar. Dei seier at det er ikkje lagt opp til at Nordhordlandsruta og Askøyruta skal korrespondere med kvarandre. Vidare hevdar Skyss at det på grunn av korrespondanse med andre ruter, er det ikkje så lett å endre på båttidene. Mitt spørsmål er kva korrespondanse er det tale om, når det er total mangel på det som kan kallast korrespondanse? Rettnok går det ein shuttlebuss frå bussterminalen i Knarvik til Knarvik kai, men meg fortalt er den lite brukt. Mange eg har snakka med, kunne dessutan tenkt seg at den båten eg plar ta, kunne med fordel ha vore tidlegare til Bergen.  Skyss seier at dei ikkje kan ta omsyn til kun ein person, og det forstår eg også at eg ikkje vente. Men det er fleire enn meg som reiser med begge båtane i dag,  og fleire vil det garantert verte, dersom tilbodet vert betre. Men slik Skyss oppfører seg no, vil dei misse oss som no tar begge båtane som passasjerar.

Frå 1.01.2018 vert rutetidene for Askøyruta (Beinvegen) endra, slik at båten går kvar heil og halvtime frå Kleppestø, og kvar halvtime, dvs kvart over og kvart på frå Strandkaien. På Askøy føreset eg at bussrutene vert justert tilsvarande for å kunne korrespondere med båten. Endringa er gjort fordi Skyss vil gjere det lettare for Askøyværingen å hugse rutetidene. Kan ikkje tolke dette annleis at Skyss har lita tiltru til sine eigne appar og Askøypendlarane som oppegåande menneske. Dersom utfordringa er å endre korrespondanse mellom buss og båt i Nordhordland, burde Skyss ha nytta høvet til å justere rutene på Askøy, slik at båtane kunne korrespondere, for der viser det seg at det faktisk går an å endre på rutetidene. No har dei ein gylden sjanse til å få båtane til å korrespondere. Med den fartstida båtane har, burde det dessutan etter mi meining vere ei enkel sak få annankvar båt frå Nordhordland til å korrespondere med Askøybåten.

No vert det i frå 2018 færre soner, og Bergen, Nordhordland og Askøy er same arbeidsregion.  Etter mi mening er det Skyss sin plikt å utnytta ressursane best mogeleg.

Mi oppfordring er at fylket som eig Skyss, pålegg Skyss å få Strilane sine to sjøbybaner til å fungere saman til beste for alle passasjerane som brukar den. I tillegg til korrespondanse, så bør de også verte ein seinare avgang til Nordhordland.  Nett no er det mykje som tyder på at Skyss går baklengs inn i framtida.

Frekhaug, 26. november 2017

Gunnar Hauge

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags