Stå opp for våre vidaregåande skuler!

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevTidleg på 1970-talet starta raffineriet på Mongstad nord i Nordhordland opp produksjonen, og i dei 40 åra som har gått etter det, har området rundt Fensfjorden vorte det største industriområdet i Noreg. Enorme nasjonale verdiar har vorte skapt i dette området fram til i dag og det er planar for store investeringar i ny teknologi og nye arbeidsplassar her i nær framtid.

Tre år etter oppstarten på Mongstad opna Austrheim Vidaregåande skule. Fylkesskuledirektør Gunnar Dale og framsynte fylkespolitikarar forstod at dette var eit av fleire særs viktige grep dei måtte gjera for å gje den nye industrien gode rammevilkår og naudsynt infrastruktur. Dette kan ikkje vurderast høgt nok; det gode samarbeidet mellom skule og industri har gjort oljeindustrien på Mongstad til ein inkubator for oljerelatert kompetanse i Noreg. Kor mange nordsjøarbeidarar er det ikkje som har sin bakgrunn frå industrien i Mongstadområdet?

LES OGSÅ: – Ei utfordring for heile Nordhordland

Denne suksesshistoria har ført til stor befolkningsvekst i Nordhordland og veksten skal fortsetja i åra som kjem: SSB sine prognosar seier at talet innbyggjarar berre i Austrheim kommune vil veksa frå dagens 2800 til 4300 fram mot 2040. Nordhordland vil i 2040 vera ein region med 40 000 innbyggjarar. Det vil ikkje verta overkapasitet av elevplassar i Nordhordland i åra som kjem. Me treng både Knarvik vidaregåande skule og Austrheim Vidaregåande skule for å dekka behova for elevplasser og for å dekka behovet til industrien!

Geir Follesø, leiar i Utdanningsforbundet Austrheim

Geir Follesø, leiar i Utdanningsforbundet Austrheim Foto:

Etter at Gunnar Dale slutta har det kome nye kostar i lokala til fylkesskuledirektøren. I 2012 føreslo administrasjonen å leggja ned Austrheim Vidaregåande skule. Næringslivet i Nordhordland protesterte. Elevane, lokalpolitikarane, lærarane og foreldra protesterte. Fylkespolitikarane i Hordaland avslo forslaget, og i 2015 foreslo fylkesrådmannen å rusta opp Austrheim Vidaregåande med 150 millionar kroner. Alternativt å byggja ny skule. Det er det behov for!

LES OGSÅ: Krev nytt skulebygg for å gjera skulen attraktiv

Det var difor med sjokk og vantru me førre veke las i avisene om fylkesadministrasjonen sine nye planar for distriktsskulane i Hordaland. Austrheim Vidaregåande skule, og ein lang rekkje andre distriktsskular er nok ein gong føreslått nedlagt. Knarvik vidaregåande skal byggjast ned. Dette trass i fylkespolitikarane sine mange tidlegare vedtak og lovnader om å satsa på skulane våre.

Austrheim Vidaregåande rekrutterer elevar frå Gulen, Solund og ytre del av Nordhordland. Dersom skulen vert lagt ned vil 60-70% av desse elevane få meir enn ein times reise til skule i Knarvik (30 min. meir til Åsane for alle dei som ikkje får plass der). 25% av elevane vil få over 2 timars reise. For mange av desse 16-åringane betyr det at dei må flytta på hybel. Dagpendling eller flytting på hybel i Knarvik, Åsane og Bergen vil føra til større fråfall. 16-17 åringar bør sleppa så lang reise til skule. Dei bør skånast frå å måtte flytta på hybel.

LES OGSÅ: Her er kartet som viser at Austrheim vidaregåande blir fjerna

La diskusjonen på fylkestinget framover handla om innhaldet og kvaliteten i dei vidaregåande skulane i Hordaland – ikkje om maksimering, innstramming og sentralisering! Børst støvet av Gunnar Dale sine visjonar: La diskusjonen framover handla om korleis fylket som skuleeigar kan legga til rette for ein best mogleg Austrheim vidaregåande skule og Knarvik vidaregåande skule som også i framtida kan bidra til vekst, næringsutvikling og fortsatt verdiskaping i Nordhordland.

LES OGSÅ: Foreslår å legga ned Austrheim vidaregåande skule

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags