– Nordhordland treng to vidaregåande skular også i framtida

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevFå Nh+ for kun 49 kroner i åtte veker!

Hordaland fylkeskommune ved administrasjonsleiinga har no lagt fram forslag til ny skulebruksplan. Ved at administrasjonen no legg fram dette, så er det i neste runde duka for politisk handsaming. Det vert høyring i vår og framover mot sommaren, og til hausten skjer den politiske handsaminga i utval og fylkesting.

LES OGSÅ: Foreslår å legga ned Austrheim vidaregåande skule

Skulebruksplanen vert ein plan som vil krevja mykje av oss fylkespolitikarar, og vi må ha ein grundig, open og ærleg prosess. Eg håper på mange innspel både frå kommunar, regionråd, skular og ikkje minst frå elevane. Det er framtida deira dette gjeld og vi skal ha ein vidaregåande skule med stort fokus på læring og innhald. Attraktivitet og omdømme er viktig for den vidaregåande skulen i heile Hordaland.

For meg som fylkespolitikar og for KrF er det heilt naturleg at vi skal ha to vidaregåande skular i Nordhordland. Det er elevar nok og der er absolutt plass for to skular nord for Nordhordlansbrua. Også i førre skulebruksplan kjempa vi for Austrheim vidaregåande skule og det skal vi gjere igjen.

LES OGSÅ: Her er kartet som viser at Austrheim vidaregåande blir fjerna

Så må vi hugse på at innhaldet, linjer og fag også er viktig. Her treng vi politikarar faglege vurderingar og difor håper eg leiinga ved skulane, elevråd mm kjem med sine vurderingar av kva som er viktig for deira skular. Kompetanse, nytenking og innovasjon er også viktig i skulen og i tett samarbeid med dyktige folk i næringslivet i Nordhordland så er eg trygg på at vi skal få ein god skule også i framtida. Knarvik og Austrheim vidaregåande skular treng næringslivet og næringslivet treng begge skulane.

LES OGSÅ: Krev nytt skulebygg for å gjera skulen attraktiv

Der er plass for to skular og plass for fleire elevar, det må vi få til for det skuldar vi den oppveksande slekt i Nordhordland. Eg er klar for å gå inn i den politiske prosessen om skulebruksplanen i Hordaland fylkeskommune.

LES OGSÅ: Må ha råd til to vidaregåande skular

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags