Vil ha leksefri skule: – Etter ein lang skuledag er vi veldig lei og vi treng kvile frå læring

6. klasse Leiknes skule: Bak frå venstre: Jonas, Sebastian, Sofie, Isak, Bernhard og Helle. Midten frå venstre: Håvard, Filip, Elina, Nicolai, Hala, Maren, Mia, Miriam, Kristin og Emilie. Framme frå venstre: Isabella, Emmeline, Fredrik, Martin, Emil, Elias og Sverre. Foto: Morten Sæle

6. klasse Leiknes skule: Bak frå venstre: Jonas, Sebastian, Sofie, Isak, Bernhard og Helle. Midten frå venstre: Håvard, Filip, Elina, Nicolai, Hala, Maren, Mia, Miriam, Kristin og Emilie. Framme frå venstre: Isabella, Emmeline, Fredrik, Martin, Emil, Elias og Sverre. Foto: Morten Sæle Foto:

Av
DEL

Lesarbrev:Vi i 6.klasse på Leiknes skule syns at det er dumt med lekser fordi då kan det ofte bli for travelt om ettermiddagen. Etter ein lang skuledag er vi veldig lei og vi treng kvile frå læring og då blir lekser ein vanskeleg jobb å gjere.

For det første fører lekser til at vi ikkje får så god tid til aktivitetar om ettermiddagen fordi lekser tek tid og då forsvinn mykje av ettermiddagen. Det blir ekstra travelt når vi har lang dag på skulen og kjem seinare heim.

For det andre kjem nokre av foreldra/føresette seint heim frå jobb, og då må vi gjere leksene aleine. Det gjer at vi ikkje alltid får gjort leksene fordi vi ikkje forstår kva vi skal gjere, og står utan hjelp. Andre gonger får vi hjelp av foreldra våre, men dei viser ting på andre måtar enn skulen sin læremåte, og då blir vi forvirra og frustrerte. Av og til venter vi med leksene til foreldra våre er heime og har laga middag. Ofte går vi då først på aktivitet. Når vi då kjem heim er vi trøytte, men skal starte opp med lekser. Konsentrasjonen er då liten og vi har ikkje så godt fokus på det vi skal gjere og på målet med oppgåven.

Eit anna argument for leksefri skule er at det ofte blir keisamt med lekser og då tek det lang tid for oss elevar å gjere dei. Vi misser då tid til aktivitetar og det å vere med vener.

Vi må også nemne at det er lettare å gjere arbeidet med ein lærar som veit korleis vi skal lære dette og som kan fagstoffet. Det er ikkje alltid foreldra sit inne med kunnskapen som trengs. Difor bør vi helst gjere skulearbeidet på skulen.

Vi meiner no at vi har kome med gode argument for leksefri skule og håper at kommunen tek tak i dette og ser det ut frå vår synsvinkel. Vi meiner vi blir meir motiverte til å gjere arbeid i løpet av skuledagen om belønninga er leksefri ettermiddag.

Helsing 6. klasse på Leiknes skule som håper på å bli leksefrie.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags