Alver kommune – Intensjonsavtalen gjeld

– Det er viktig at kommunen får inntekter som står i stil med dei tenestene kommunen har plikt til å tilby oss, slik at har ein god kommune på alle måtar, skriv Jon Askeland i dette lesarbrevet.

– Det er viktig at kommunen får inntekter som står i stil med dei tenestene kommunen har plikt til å tilby oss, slik at har ein god kommune på alle måtar, skriv Jon Askeland i dette lesarbrevet. Foto:

Av
DEL

LesarbrevRune Chr Tollefsen spør i lesarbrev om partia sitt syn på eigedomsskatten på hus og hytter i Alver kommune.

Senterpartiet er i sluttfasen med programarbeidet, og det å oppfylla intensjonsavtalen vert eit sentralt punkt i programmet – på alle områda i den!

Det gjeld også på økonomifeltet, der følgjande m.a. står: «Det er eit mål at ingen innbyggjarar skal få høgare kommunal eigedomsskatt som følgje av ein ny kommune. Det er semje om å harmonisere skattar og avgifter. Prisnivået på kommunale tenester, gebyr og eigedomsskatt skal vera likt i heile den nye kommunen. Det inneber at den nye kommunen fjernar eigedomsskatten på hus og hytter.»

Dette medfører at skattar og avgifter som i dag er ulike i dei tre kommunane skal harmoniserast, og me skal ikkje ha eigedomsskatt på hus og hytter.

Eigedomsskatten for hus og hytter får elles mindre verdi enn den har hatt, då eigedomsskattelova er endra. Startsatsen for ein eventuell eigedomsskatt i Alver ville vore 1 promille første året. Derfor ville den betydd mindre for både lommeboka vår og for kommunekassa enn tidlegare. Dermed vil kommunestyret si jobbing med dei økonomiske utfordringane også ha anna hovudfokus framover.

Det er viktig at kommunen får inntekter som står i stil med dei tenestene kommunen har plikt til å tilby oss, slik at har ein god kommune på alle måtar. Dette er Staten sitt ansvar, som over tid har rigga "systemet" slik at det i praksis er kommunane som er velferdsstaten. Kommunane viser seg å forvalta midlane vèl så effektivt som staten gjer, og gjev oss tenester nær oss i kvardagen. Senterpartiet forventar at Regjeringa følgjer opp lovnadene, og gir kommunesektoren inntekter som gjev gode kommunar!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags