Reagerer på sikring av skulebarn på bussen: «Som bestefar, lærar, hovudverneombod og samfunnsborgar lar eg meg sjokkere av praksisen og inkonsekvensen i dette spørsmålet»

Håvard Giezendanner, HVO Lindås kommune, reagerer sterkt på at barn og unge må stå på skulebussen.

Håvard Giezendanner, HVO Lindås kommune, reagerer sterkt på at barn og unge må stå på skulebussen. Foto:

Av
DEL

MeiningarPå bakgrunn av hovudoppslaget i NRK Hordaland si morgonsending, om skuleskyss, har eg lyst til å kome med nokre betraktningar. Saka gjeld skuleskyss der elevar står, usikra,- og såleis utsett seg sjølv,- og kvarandre for den ytste livsfare.-

No er ikkje mitt mandat som HVO å sikre elevane.- Men som bestefar, lærar, hovudverneombod og samfunnsborgar lar eg meg sjokkere av praksisen og inkonsekvensen i dette spørsmålet.

Inkonsekvent ved at denne praksisen i det heile kan fortsette,- sjølv om alle som har noko med det VEIT at dette ikkje er bra.

Inkonsekvent fordi politiet gjev (og godt er det) kvar og ein dei knip utan setebelte 1500,- kr i gebyr, men tydelegvis lukkar auga/eller ikkje har lovheimel, når det gjeld denne arenaen.

– Må liv gå tapt før vi får skuleskyss til ungane våre?

Inkonsekvent fordi praksisen fortset, jamvel om Vegvesenet på sidene sine om setebelte,- skriv om konsekvensar ved kollisjon /bråstopp utan setebelte.- Ved 90 km/t, skriv dei, svarar til dette eit fall på 32 meter.- Ingen overlever slikt. Dei fleste heller ikkje eit fall på 10 meter som svarar til 50 km/t, eller 19 meter ved 70 km/t.- Alt dette er hastigheiter vi veit våre usikra barn og lærarar beveger seg i ved å ta skulebussen,- ved ekskursjonar til t.d. byen,- eller ein tur til symjehallen. For symjeopplæring er pålagt.

Som hovudverneombod ville eg straks stengt ein arbeidsplass med trygg heimel i AML, om våre tilsette skulle verte utsett for slik utilbørleg risiko og jamvel akutt livsfare.- Og i den grad eg får melding om at lærarane i si arbeidstid må stå i buss, – kjem eg og til å gjere det, i samarbeid med lokale VO.

Lindås er andre kommune i landet som har fått denne typen gangfelt. Snart kjem det også spesiallys til gangfelta

Lindås er andre kommune i landet som har fått denne typen gangfelt. Snart kjem det også spesiallys til gangfeltaBakgrunn


For dette går rett og slett ikkje an.- Er det eit økonomisk spørsmål,- så pliktar politikarane å løyve pengar,-eller sjå til korleis skuleskyss kan organiserast på anna måte.- Eg høyrde og SKYSS- ansvarleg på morgonen,- som stort sett var ute etter å leggje ansvaret over på enkelteleven,- for at dei ikkje venta på neste buss,- dersom dei måtte stå. Ei uttale i uforstand,- fordi ein kvar som omgåes folk i noko grad, veit at slik tenkjer dei færraste.- Anten dei er elevar eller eldre vaksne.- Så lenge det ikkje er eksplisitt ulovleg å stå i bussen,- kjem dette til å fortsette.

Men,- som ansvarlege i Lindås kommune kan me ikkje lenger la dette skje.- Dette er eit ansvar oppvekstsjef,- rådmann og ordførar må ta på høgste alvor,- og prøve finne ei løysing på.

I min vesle del av verda kjem eg til å følge dette opp,-og som sagt, om eg får greie på det, nekte våre tilsette å utsette seg for denne livsfara i arbeidstida.

På tide med diskusjon,- og stopp av livfårleg praksis

– Vi er redd kvar gong vi kryssar vegen. Vi veit at det har oppstått farlege trafikksituasjonar, også dødsulykker. Vi ønskjer ikkje å bli ein del av denne statistikken.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags