Samarbeidspartia ser alvorleg på saka og vi har tillit til dei folkevalde i kontrollutvalet

Ordførar i Alver, Sara Sekkingstad (Sp).

Ordførar i Alver, Sara Sekkingstad (Sp). Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.I eit innlegg i Avisa Nordhordland 5. juli ber Arvid Skage om svar frå politikarane.

Samarbeidspartia meiner at habilitetssaka i Meland er ei alvorleg sak. Det er alvorleg at rutinar i Meland kommune ikkje vart følgt, og både ordførar og varaordførar i Alver har vore tydeleg på at vi må sikre oss at feil ikkje skjer igjen.

Saka vart første gong handsama i kontrollutvalet i Meland 5.12.19 og følgd opp 18.12.19 med vedtak om å sende over til kontrollutvalet i Alver. Kontrollutvalet i Alver handsama saka i lukka møte 10.02.20 og 26.05.20.

Kontrollutvalet er kommunestyret sitt organ og skal sjå til at kommunen drivast i samsvar med lov, forskrift og kommunen sine eigne retningslinjer. Kontrolluvalet konkluderte og avslutta saka i sitt møte 26.05.20, og har samrøystes vald å ikkje kome med innstilling til kommunestyret.


Vi har tillit til kontrollutvalet, og har tillit til at det vart gode vurderingar då denne saka vart handsama og avslutta i kontrollutvalet.

Derfor er det med undring vi registrerte at leiaren i kontrollutvalet har gitt uttrykk for at kommunestyret skal ta saka vidare. Kommunestyret bør ikkje overprøve dei vedtak som er fatta av kontrollutvalet.

Samarbeidspartia støttar opp om konklusjonen til eit samla kontrollutval der administrasjonen vert bedt om å følgja opp rutinar, habilitetskrav og dokumentasjon. Administrasjonen må, slik dei har ansvar for, følge opp at rutinene for habilitet er gode – og at dei verkar. Det går ut på å sørge for at rutinene i seg sjølv er gode, tilgjengelege og å sørge for at dei tilsette er kjend med og forstår rutinane, og får naudsynt opplæring.

Kommunestyret har det overordna ansvaret for å sjå til at systema og rutinene våre fungerer.

I gamle Meland kommune har det skjedd ein svært uheldig svikt i systemet. Samarbeidspartia tar dette på alvor. For å sjå til at rutiner for habilitet og habilitetskrav er gode og blir følgd i Alver kommune og for sjå til at dette ikkje skjer igjen, la samarbeidspartia fram følgjande framlegg til vedtak, som vart samrøystes vedtatt av kommunestyret:


Kommunestyret tek meldinga frå kontrollutvalet til orientering.
Kommunestyret merkar seg behandlinga frå kontrollutvalet av sak 37/20, som no er endeleg behandla og avslutta av nevnte utval.
Kommunestyret vil støtte opp under oppfordringa frå eit samrøystes kontrollutval til administrasjonen om å følgja opp rutinar, habilitetskrav og dokumentasjon.
Kommunestyret ber om at rutinar for habilitet og habilitetskrav blir lagt inn i plan for forvaltningsrevisjon som kommunestyret skal vedta hausten 2020.


Samarbeidspartia ser alvorleg på saka. Vi har tillit til dei folkevalde i kontrollutvalet, som har god kjennskap til og har satt seg godt inn i saka. Kontrollutvalet og kommunestyret har avslutta saka, og samarbeidspartia vil sjå til at Alver kommune har gode rutiner som blir følgd.

Artikkeltags