Deler draumen: Takk til 6. klasse ved Eikanger skule

– Vi deler den same draumen som den 6. klasse ved Eikanger skule har, skriv Astrid Aarhus Byrknes og Nina Bognøy i dette innlegget. Arkivfoto: Yngve Garen Svardal

– Vi deler den same draumen som den 6. klasse ved Eikanger skule har, skriv Astrid Aarhus Byrknes og Nina Bognøy i dette innlegget. Arkivfoto: Yngve Garen Svardal

Av
DEL

LesarbrevFyrst av alt vil vi takke 6. klasse ved Eikanger skule for eit engasjerande leserinnlegg.

Det er prisverdig og vi synes det er flott at dei unge er tydelege og engasjerte og faktisk bruker tid på å skrive eit slikt innlegg.

I Lindås kommune har vi gjennom denne kommunestyreperioden arbeidd med eit forprosjekt med kulturhus kombinert med badeanlegg.

I dette prosjektet har vi sett at det er eit behov både for kulturhus der det også gis rom for kinosal samt eit badeanlegg.

Det er eit stort løft for ein kommune å byggje slike anlegg, og difor må vi også bruke tid på å få fram eit godt prosjekt der vi ser på både behov, plassering av anlegg og ikkje minst kva dette vil koste.

Vi trur at regionsenteret Knarvik som også skal vere kommunesenteret i nye Alver kommune treng eit slikt løft. Vi håper at dette ein dag blir realisert, og deler den same draumen som det 6. klasse ved Eikanger skule gjer.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags