– La ikkje dette kulturhuset bli ei gravstøtte over lokale kulturtiltak

– Har planleggjarane spurd, eller vil dei spørja, folk som jobbar med lokalkultur i kvardagen, korleis dei kan tenkja seg at denne storstova skal utformast?, spør Bjørn Olav Benjaminsen i dette lesarbrevet. Benjaminsen fekk Lindås kommune sin kulturpris for 2018.

– Har planleggjarane spurd, eller vil dei spørja, folk som jobbar med lokalkultur i kvardagen, korleis dei kan tenkja seg at denne storstova skal utformast?, spør Bjørn Olav Benjaminsen i dette lesarbrevet. Benjaminsen fekk Lindås kommune sin kulturpris for 2018. Foto:

Av
DEL

LesarbrevLes i avisa at det skal setjast av millionar til kulturhus. Dette må kunna kallast ei gladmelding!

Endeleg ser det ut som lokalpolitikarane våre tek inn over seg at ikkje all fritidsaktivitet i kommunen dreiar seg om idrett.  Sjølv om det i den seinare tid har sett ut som mottoet er kvar bygd sin hall, er no ein gong slik at ein del av oss ikkje har den heilt store gleda av ballspel og lengde utan tilløp.

No kan ein seia at ein kan driva med anna enn idrett i ein såkalla «fleirbrukshall». Det kan ein sikkert. Men til sjuande og sist er og blir desse hallane konstruert med tanke på  idrett som hovudaktivitet.  Lite eller ingenting er tilrettelagt for andre aktivitetar. Idrettsanlegg og hallar har gitt auka aktivitet og vore til stor hjelp for idretten i bygdene våre, noko som sjølvsagt er svært positivt. Men litt av problemet med fleirbrukshallane vert fort, kva tid på døgnet skal andre aktivitetar enn idrett få sleppa til?

Idretten er ein del av det utvia kulturbegrepet. Tanken ein gjer seg er; kva om anna del av kulturen fekk tilsvarande drahjelp frå det offentlege? Er det tenkjeleg at dette kunne ført til at ei fekk like høgt nivå på andre lokale kulturaktivitetar som på lokal idrett? Kunne det jamvel  glimta til med endå høgare nivå?

Men tilbake til kulturhuset.  Nokre tankar melder seg. Kva tenkjer planleggjarane å fylla huset med? Med andre ord: Kva skal det brukast til? Skal det bli eit fyrtårn som viser kor store ressursar ein er villig til å bruka for å kjøpa inn kulturinnslag utanfrå? Eller brukast til kino i ny og ne? I så fall; har lokalkulturen hatt tronge kår til no, ja så vert kåra endå trongare framover.

Har planleggjarane spurd, eller vil dei spørja, folk som jobbar med lokalkultur i kvardagen, korleis dei kan tenkja seg at denne storstova skal utformast? Kva dei kan tenkja seg å fylla kulturhuset med? Er dette utenkjeleg å gjera?  Kven veit? Kanskje er det  eit og anna gullkorn å henta. Sist men ikkje minst: Har små lokale kulturaktørar i bygdene råd til å bruka huset? Til dømes både til øving og framsyningar. Vil dei få same vilkår som idretten har i dei kommunale hallane?

I eit lokalt kulturhus skal det sjølvsagt finnast plass til kultur utanfrå. Men dersom dette vert den viktigaste og støste delen av husbruken er eg redd ein er på feil veg. Dersom  ein skal lukkast i å få heile (stor)kommunen til å føla eigarskap til og nytte av huset må alle føla at det tilfører noko positivt til heile kommunen.

Eg har ei bøn til politikarane våre og planleggjarane:

La ikkje dette kulturhuset bli ei gravstøtte over lokale kulturtiltak, men ein bauta over ein (stor)kommune med lokalpolitikarar som både tek på alvor og satsar på mangfald i det lokale kulturlivet.

Bjørn Olav Benjaminsen

Mangeårig dugnadsarbeidar innan kultur og førebyggjande sektor

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags