Framtidig kulturhus: – eit hus for lokalt mangfald

– På likt med fleirbrukshallane som myldrar av liv og røre, ønskjer vi eit kulturhus som verkar på samme vis, skriv Nina Bognøy i dette innlegget.

– På likt med fleirbrukshallane som myldrar av liv og røre, ønskjer vi eit kulturhus som verkar på samme vis, skriv Nina Bognøy i dette innlegget. Foto:

Av
DEL

LesarbrevBjørn Olav Benjaminsen tek opp viktige spørsmål om bruk og prioriteringar av og for regionalt kulturhus i  lesarinnlegg i avisa Nh 07.01.19. 

Eg vil starta med å  takka Benjaminsen for innlegget. Han løfter dei viktige spørsmåla ved planlegging og framtidig bruk av kulturhus for innbyggarane i kommunen og regionen for øvrig. Eit kulturhus for det mangfaldige lokale kulturlivet som våre områder er så rike på. På likt med fleirbrukshallane som myldrar av liv og røre, ønskjer vi eit kulturhus som verkar på samme vis. Eit hus som lever frå morgon til kveld, og som det lokale kulturlivet kan kjenna eigarskap til.

I det vidare arbeidet legg vi til grunn at lokalt kulturliv i sitt mangfald får ei tydelig stemma i prosessen, det er viktig når det kjem til eigarskap og bruk. Det er flott og viktig med og gode og tenelege scener, det tenkjer eg at ein også må planleggja for, men det er folk i sine  kvardagsliv og kvardagsaktivitetar som er dei viktigaste brukarane av eit slikt hus.

Når det kjem til aktivitetar i kulturhus for born og unge, så meiner eg at dette må følge same prinsippa som ved idrettsaktivitet i hallane vedrørande kostnad. 

God og tett dialog mellom dei som bevilgar, planleggarar og kulturlivet vil finna dei beste løysingane for det mangfaldige og rike kulturlivet i framtidige Alver kommune og regionen. 

Beste helsing

Nina Bognøy, Alver Ap

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags