«50-sone før, 50-sone etter, men denne kilometeren med idyll midt i sjøen må ha 80-sone»

Av
DEL

MeiningarToskavegen er eigentleg ein vegstrekning over fleire kilometer, men på folkemunne er Toskavegen området der mange likar å gå på tur, politisk definert som rekreasjonsområde, der den ligg og tronar mellom nydelege kampesteinar, midt i sjøen. Ein kilometers vegstubb, der dei vakraste solnedgangar kan nytast, der det kan fiskast fleire stader, og badast. Ei idyllisk lita badevik, nokre meter frå bilvegen, uten sikring, og 80-sone. Nokså avsindig, for folk flest. Men ikkje for Statens Vegvesen.

50-sone før, 50-sone etter, men denne kilometeren med idyll, midt i sjøen, må ha 80-sone.

Grunnen til dette er todelt. Mangel på ulykker og mangel på avkøyrslar. Kor mange avkøyrslar ventar Statens vegvesen seg, på ein veg som er anlagt midt i sjøen? Ein kunne tru det var ein god vits, som nokon hadde funne på i lystig lag, men det er rame alvor, nedfelt svart på kvitt.

Det der med å visa hensyn, justera farten etter forholda, og kanskje bremsa ned litt, er ofte fråverande hjå bilistane på Toskavegen. Er det lov å køyra i 80, skal det køyrast i 80, og gjerne over. Tullingar som brukar området til å gå på tur, gjerne med hundar i tillegg, burde ha seg ut i dei blautaste myrområda, vassa til knes i gjørme, istadenfor å hindra ferdselen for travle bilistar, brennande etter å få opna rødvinsflakene til hyttekosen.

Det skal køyrast som på ein tysk Autobahn, der alt på to og fire bein bør halda seg godt unna. Nokre syndige hobbyfiskarar frå utlandet hadde ikkje tatt budskapet inn over seg, men sette bilen inntil sida av vegen, for å ta seg nokre kast. Det hindra ikkje ferdselen for nokon, men dessverre, ein sjelden gong måtte nokon dermed bremsa ned. Dette fekk Statens Vegvesen til å visa musklar. Store musklar.

Tretten skilt med «Parkering forbudt» kom opp, på denne eine kilometeren med veg.

I tillegg til skilt med 50-sone, og 50-sone oppheva, kom altså 13 dominerande vegskilt, midt i ei av dei vakraste perlene i Nordhordland. Istadenfor fritt og ope utsyn mot holmar, sjø og himmel, blei det som å vandra ved foten av eit kilometerlangt, glorete juletre.

Det blir tidvis snakka mykje om «Det Grøne Skiftet». Om klimagassar og ein bilfri hovudstad og slikt. Nokon av oss trudde at grønt skifte også skulle handla om meir hensyn til alle på både to og fire bein, at det skulle bety å leggja tilrette der ein kan, og steg for steg ta litt av makta frå både kjemisk og visuell forurensning, og også dei farefulle sidene av privatbilismen.

Med regelverk uten sidesyn, og mangel på heilskaplege vurderingar, plukkar Statens vegvesen illusjonane av oss, med temmeleg myndig hand.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags