Bygg FV-565 Soltveit – Marås no!

Per Lerøy vil ha full utbygging av fylkesveg 565.

Per Lerøy vil ha full utbygging av fylkesveg 565.

Av
DEL

LesarbrevEg viser til avisinnlegg frå Olav Steinar Namtvedt om ringveg Nordhordland og vegen mellom Soltveit og Marås på Radøy. Eg støttar fullt ut Olav Steinar sine vurderingar knytt til denne vegstrekkja.

Ein skikkeleg ringveg i Nordhordland vil vera svært viktig for nærings- og samfunnsutviklinga i heile regionen. Hordaland er landets desidert største eksportfylke og halvparten av denne eksporten går frå Mongstad. Fensfjord-området er per i dag kanskje Norges mest spannande næringsområde med Mongstad, Sløvåg og Skipavik. I dette området er det mange tusen industriarbeidsplassar og rundt 5000 skipsanløp årleg. Verdiskapinga i området er enorm og av stor nasjonal verdi. På grunn av dette har næringslivet teke initiativ til å få utgreidd eit nytt vegsystem, Sambandet Vest. Dette er eit vegsystem som vil binda saman Radøy, Holsnøy og Askøy. FV-565 og ringveg Nordhordland vil vera eit viktig element i dette nye vegsambandet. Alver kommune har fått tilskott frå kommunal og regionaldepartementet til utgreiingsarbeidet knytt til Sambandet Vest.

For nokre år sidan gjekk nokre sentrale politikarar på Radøy ut og kalla vegen mellom Soltveit og Marås for Tyttebærvegen. Etter deira meining er dette visst nok ein veg som skikkelege radværingar berre nyttar når dei skal ut og plukka tyttebær. At det går an å vera kommunal topp politikar og kjenna så lite til pendlarmønsteret til sine eigne innbyggjarar, overraska meg voldsamt. Når eg skal på møte i Bergen eller Knarvik møter eg ein jamn straum av pendlarar på denne vegen. Av og til undrar eg meg over at denne pendlarstraumen er så mykje større mot nord enn mot sør, men svaret er sjølvsagt enkelt, radværingane pendlar til Mongstad og alle arbeidsplassane der.

Når Mongstad og Fensfjord-området er så viktig for verdiskapinga i regionen, fylket og landet, ja, då må me sikra skikkelege vegsystem inn mot dette området. Dette gjeld både over Lindås og over Radøy. Med all transport av farleg gods på FV-57 må me opparbeida ein skikkeleg omkøyringsveg til Mongstad og dette er FV-565 over Radøy. Det er med andre ord fleire gode grunnar for å prioritera bygginga av vegstrekkja Soltveit – Marås no!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags