Vi som ikkje forstår Pride

– Eg er blant dei som prøver å forstå. Og eg har forstått såpass at dei som seier at ein må kjøpe ei pakke med politiske standpunkt for å heie på Pride, dei er på ville vegar. Dei reduserer Pride til eit partipolitisk spel. Pride er noko langt større og viktigare enn kva kvar enkelt meiner om surrogati eller sexkjøpslova, skriv Emil Andrè Erstad i dette lesarbrevet.

– Eg er blant dei som prøver å forstå. Og eg har forstått såpass at dei som seier at ein må kjøpe ei pakke med politiske standpunkt for å heie på Pride, dei er på ville vegar. Dei reduserer Pride til eit partipolitisk spel. Pride er noko langt større og viktigare enn kva kvar enkelt meiner om surrogati eller sexkjøpslova, skriv Emil Andrè Erstad i dette lesarbrevet. Foto:

Av

Kvifor kan ikkje dei homofile snakke litt lågare om alt det der greiene sitt?

DEL

MeiningarDu har sannsynlegvis høyrt det sjølv frå vener og familie: Må dei vise seg sånn fram, då? Må dei skrike og gå i tog? «Eg er mot at homofile skal diskriminerast og alt det der, men …».

Allereie her skurrar det for meg.

Eg som trakkar meir enn gjennomsnittleg i kristne miljø veit godt at desse stemmene finst. Dei seier det gjerne ikkje så høgt, men plutseleg er dei der, kviskrande og tiskande. Dei finst så visst ikkje berre blant kristne, men eg høyrer dei ofte. «Vi forstår ikkje dette med Pride, vi».


Skeivt perspektiv

Det er klart at viss oppveksten din har vore streit, venene dine er streite og du berre vankar i streite miljø, så er det kanskje vanskeleg å ha eit skeivt perspektiv på livet og samfunnet. Men kanskje vi likevel kan forsøke?

Eg er blant dei som prøver å forstå.

Og eg har forstått såpass at dei som seier at ein må kjøpe ei pakke med politiske standpunkt for å heie på Pride, dei er på ville vegar. Dei reduserer Pride til eit partipolitisk spel. Pride er noko langt større og viktigare enn kva kvar enkelt meiner om surrogati eller sexkjøpslova.

Pride er ei feiring av at kjærleik er kjærleik. Ingen er fri før alle er fri. Alt er love.

Om enkle ting

Det handlar ikkje om teologisk syn eller om du likar dei halvnakne kroppane i Pride-paraden. Det handlar om enkle ting som at homofile, lesbiske, bifile og transpersonar skal kunne leve frie liv som alle andre. Ingen skal jagast av politiet. Ingen skal diskriminerast. Ingen skal kjenne seg mindreverdige fordi dei elskar gutar framfor jenter.

Å tvihalde på ei oppfatning om at Pride «ikkje er noko for meg», bidreg til å framandgjere homofile, lesbiske, bifile og transpersonar. Det bidreg til å mystifisere heile den frigjeringsrørsla Pride-arrangementet eigentleg er. Det bidreg til polarisering, der bruer burde byggast.

Må gøyme seg

I min bransje arbeider vi med aktivistar som må gøyme seg, gå i skjul eller flykte. Berre fordi dei er gutar som likar gutar eller jenter som likar jenter.

Kanskje høyrest det framandt ut, men det er ikkje lenge sidan samfunnet vårt også var slik. Sjølv her er heime er det ikkje slik at alle endå kjenner seg fri.

Det er berre femti år sidan Stonewall-opprøret i New York, der politiet gjekk til åtak på homofile på den skeive baren Stonewall. Eit opprør som tente gnisten til den moderne homokampen.

Det er endå mindre tid sidan homofili var forbode i Norge, ved lov. Framleis er det fleire land i verda som straffar homofili med døden, enn eg kan telje på fingrane mine. Landa der homofili er forbode er langt fleire enn talet på homofile vener eg har.

Nyvunnen fridom

Er det då så rart at Pride er ein høglydt feiring av denne nyvunne fridomen mange homofile, lesbiske, bifile og transpersonar kjenner på, at det er litt skrik og skrål? Eg syns det er fint.

Sjå for deg at du tilhøyrde ein minoritet som hadde blitt kjeppjaga av politiet, utstøytt frå samfunnet og stigmatisert i tiår etter tiår. Ville du ikkje jubla litt ekstra den dagen samfunnet aksepterte deg som du er?

Eg ville kanskje til og med tatt på meg vingar med fleirfarga fjør og sprunge rundt i gatene, viss det var meg det gjaldt.

Men det gjeld òg meg. Ikkje fordi eg er homofil, men fordi det er mi plikt som utanforståande å prøve å forstå.

Ekstra refleksjonsrunde

Ingen skal tvingast til å vere tolerante. Ingen skal gå i ein parade dei ikkje vil gå i. Men vi bør krevje at alle i det minste tar ein ekstra refleksjonsrunde om kva Pride eigentleg handlar om, viss vi ser litt stort på det.

Det skuldar vi dei som endeleg er fri og dei kampane som endå står att.

Innlegget stod først på trykk hjå Verdidebatt.no.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags