Gå til sidens hovedinnhold

Ei betre framtid må veljast no!

Artikkelen er over 3 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Valet no i haust er eit skjebneval for dei som skal leve i framtida. Med dei rette vala, kan dei unge i dag få skikkeleg gode liv. Eit liv der du står opp om morgonen og jobbar med fornybare ressursar for å finansiere ein fortsatt trygg velferdsstat. Der du kan reise heim om ettermiddagen med buss eller bil som ikkje gir utslipp. Enkelt og billeg, uansett kor du bur i landet.

Der du produserer din eigen straum på taket, som du sel til det europeiske kraftnettet dei dagane sola skin som sterkast. Der du drar på jobbreise mellom byar, eller ferie mellom land, raskt og behageleg med lyntog. Der familien din har betre helse fordi dykk et sunnare og pustar i reinare luft.

Der du tener på å ta dei vala som er best for verda. Ei framtid der søppel er eit framandord fordi vi bruker ressursane smartare. Der havet er reinare, jorda meir fruktbar, skogane grønare og samfunnet meir stabilt. Der verda blir meir rettferdig. Der færre svelt og fleire lever gode, trygge liv.

Les også

– Kva har Erna Solberg levert for Vestlandet?

 

Men dersom dei unge i dag skal få ei slik framtid, må det skje ei utskifting på Stortinget til hausten. Den politikken som blir ført i dag, styrer oss mot ei verd som er 3-4 grader varmare. I ei slik verd vil det bli svært vanskeleg å skape trygge, stabile velferdssamfunn. Med det utslippsnivået vi har i dag, har vi berre nokre år igjen før karbonbudsjetta er fylt. Likevel har alle dei tidligare regjeringane fortsatt å auke utsleppa i staden for å skape løysingar som tar vare på menneske og klimaet.

Les også

Det viktigaste i livet må vere det viktigaste i politikken

 

Det er ikkje umogleg å ta grep for ei betre framtid. Det har Dei Grøne vist gjennom å legge fram eit alternativt statsbudsjett som kuttar utslepp i tråd med Paris-avtalen og gjennom arbeidet med å gjere Oslo til miljøhovudstaden i Europa. No trengs ei stor gruppe med Dei Grøne på Stortinget. Vi har ikkje tid til å vente med å skape ei betre framtid!

Les også

Valet er ikkje «berre» eit regjeringsval, det er først og fremst val av nytt Storting

 

Kommentarer til denne saken