Det viktigaste i livet må vere det viktigaste i politikken

Fyrste skuledag i skuleåret 2017/2018. Sagstad Skule.

Fyrste skuledag i skuleåret 2017/2018. Sagstad Skule. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevDet viktigaste i livet må vere det viktigaste i politikken, og det er ingenting som er viktigare enn våre barn og unge. Derfor lanserte Arbeiderpartiet tidlegare i august sitt skuleløfte, 18 konkrete tiltak som vil sørgje for betre kvalitet og meir læring i norsk skule.

Dersom vi held fram med å gjere om lag som i dag, vil vi få resultat om lag som i dag. Så det er trong for ein ny skulepolitikk som gir alle barn og unge sjansen til å lukkast i skulen.

Grunnlaget for å lukkast, og til slutt å kunne fullføre vidaregåande opplæring, blir lagt tidleg i skuleløpet. Tidleg innsats er mykje meir effektivt enn om hjelpa kjem seint. Rett tiltak til rett tid betyr at laget rundt dei yngste må styrkast. Arbeiderpartiet vil innføre ein lese-, skrive- og reknegaranti og vi vil tilsetje 3000 nye lærarar for å kunne innføre ein lærarnorm for 1. til 4. klasse.

Trygge barn er ein føresetnad for læring, derfor må kampen mot mobbing intensiverast. Det er viktig med ei styrka skulehelseteneste med eit breitt og godt tilbod som er tilgjengeleg for elevane kvar dag. Kommunane må setjast i stand til å ha nok vaksenpersonar på skulen, både barne- og ungdomsarbeidarar og miljøarbeidarar er viktige å ha i skulen. Dette vil og gi lærarane tid til å vere lærarar.

Slik skulen er i dag, er den praktiske læringa nedprioritert, dette gjer at særleg gutar slit med å finne seg til rette. Det er og flest gutar som ikkje fullfører vidaregåande opplæring, og fråfallet er størst på yrkesfaga. I framtida vil det vere eit auka behov for å utdanne og rekruttere fagarbeidarar. Derfor ønskjer Arbeiderpartiet eit yrkesfagløft.

Gjennom eit forpliktande samarbeid mellom staten, fylkeskommunen og arbeidslivet, og ved å auke lælingetilskotet til det ein skuleplass kostar, skal alle kvalifiserte elevar som ønskjer det sikrast ein læreplass. Og ved å innføre eit praksistilskot kan fleire elevar lære gjennom praksis frå første skuleår i vidaregåande skule.

Ved å ikkje love skattelette til dei som har mest frå før, kan Arbeiderpartiet love ei milliardsatsing på skulen. Synes du at ein god skule for alle er viktigare enn skattelette for dei rikaste? Då må du stemme Arbeiderpartiet på valdagen 11. september.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags