Grip sjansen, Nordhordland!

Av
DEL

MeiningarEg forstår at folk i Nordhordland ikkje likar flyttinga av bomringen i Bergen til Klauvaneset. Det skaper ekstra kostnader for omlag 8% av dei som kryssar Nordhordlandsbrua. Samstundes opplevest dagens bomplassering nord i Åsane svært urettvist for oss som bur der, inneklemt mellom bergenske og Nordhordlandske bommar som me er.

Den endelege avgjerda om bomflytting vil skje i Fylkestinget 12. juni. Då er det viktig at ordførarkandidatane i Nordhordland stemmer for bomflyttinga. Fordi forhandlingane i etterkant av Bergen sitt bomvedtak nå har gitt ein avtaletekst som gir:

Klar prioritering av bygging av Nordhordlandstunnel, og samordning av bomtakstar mellom Nordhordlanspakken og Bomringen i Bergen. Bergen Kommune har allereie gjort dette vedtaket, men ventar nå på Fylkestinget.

Nærare realisering av Nordhordlandstunnel har me aldri vore. Lar de sjansen gå frå dykk, Jon Askeland, Astrid Aarhus Byrknes og Nils Marton Aadland?

Hylkje 8. juni

Jørund Vandvik

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags