Vil ha fritt skuleval i heile Vestland

Av
DEL

Lesarbrev1.mars i år gjekk fristen for å søkje på vidaregåande opplæring. Dersom ein del parti på venstresida får viljen sin, så kan i år ha vert siste året der elevar søkjer med fritt skuleval som inntaksordning.

Fritt skuleval er ein ordning der elevane fritt kan søkje på dei skulane sei sjølv ønskjer å gå på, uavhengig av kva adresse forelderen har eller kvar skulen ligger. Fleirtalet i Fellesnemda i nye Vestland har sagt at dei ønskjer å behalde dei gamle fylkesgrensene for inntaket til vidaregåande skule. Det betyr at elevar i Hordaland ikkje kan søkje seg inn på skular i Sogn og Fjordane og motsett. Fritt skuleval handlar om fridom og elevar sin rett til å kunne velje sjølv, og den skal ikkje være avhengig av gamle og utdaterte fylkesgrensar. Du har og parti på venstresida som ynskjer å fjerne fritt skuleval.

Kritikken som ofte er mot fritt skuleval er at det bare er dei med dei beste karakterane som får velje kva skule dei ønskjer å gå på. Dette stemmer ikkje, da 8 av 10 av elevar får fyrstevalet sitt innfridd. Fritt skuleval er faktisk blant det mest vellykka inntakssystemet me har i vidaregåande skule, og parti som er mot fritt skuleval har heller ikkje nokon gode alternativ å bytte det ut med. Det inntakssystem som til dømes SV ønskjer er basert på rett til nærskule. Det vil sei at kva vidaregåande skule du som elev ender opp på blir bestemt av kva adresse foreldra dine har. Eg meiner det er ein urettferdig ordning.

Eg meiner det bør vere opp til eleven sjølv å velje kva vidaregåande skule dei ønskjer å gå på ikkje ein tilsett i fylkeskommunen. Eg meiner elevar sjølv veit best kva skule dei ynskjer å gå på. No når me går inn i eit nytt fylke så meiner eg og det er naturleg at ordninga også skal gjelde i heile Vestland.

For meg og Vestland Venstre er det viktigaste er å sikre at eleven har valfridom. For det er faktisk eleven som veit best kva skule han/ho ynskjer å gå på. Derfor vil Vestland Venstre ha fritt skuleval i heile Vestland fylke.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags