La årets valg vere eit klimaval

Av
DEL

LesarbrevNo er det litt under ein månad til det store valet, og mykje tydar på at bompengar er det som kan avgjere kven som får makta i Alver. Eg òg er mot bompengar, men at det for mange er meir interessant enn framtida vår, kjennast som eit ordentleg spark i trynet til klimastreikande ungdom. Eg har likevel eit lite håp om at framtida vår fortsatt kan vege tyngst på valdagen; men da må klima og miljø på dagsorden.

I følge FNs klimarapport må me halvere utsleppa våre innan 2030, og me må vere utsleppsfrie 2050. Dette er noko kvar og ein seriøs politikar er klar over, men likevel verkar det som om dei fleste av dei later som me ikkje står ovanfor ei klimakrise. Det er faktisk heilt rett - me står midt i den.

Klima er tydelegvis ikkje gøy nok, eller kanskje ikkje stemmesankande nok å snakke om. Kvifor gidde å snakke om klimakrisa når det er så gøy å diskutere eigedomskatt og byggjetillatelse i strandsona? Alver Høgre kan for all del la private byggje ned absolutt heile strandsona, men når havnivået så stig og bygga druknar på grunn av deira totale mangel på klimatiltak, ja då kan me alle le litt.

Å snakke om klima burde vere eit minimum, men det er heller ikkje nok.
Me må handle, ikkje berre prate i møte med klimakrisa. Eg er luta lei politikarar som pratar klima uten å gjere noko. Eg er heilt overbevist om at fleire av dei andre partia i år har fylt ei side av partiprogrammet med meiningslaus symbolsk klima og miljø-svada fordi dei tenkjer "me må jo seie noko om klima". Ikkje fordi dei eigentleg har tenkt til å løfte ein finger for framtida vår.

Alver trenger handlekraftige politikerar som tør å ta kampen for miljøet og for framtida. Me trenger politikarar som tør å ta dei kjipe avgjørelsene som hjelper oss på sikt.

SV går til val på å halvere Alvers utslepp innan 2030, og nullutslipp 2050. Dette vil me gjere ved å prioritere gang og- sykkelvegar framfor monstervegar, syte for fleire ladestasjonar til elbil, og kreve at alle bilar det offentlege kjøper inn skal vere nullutslippsbilar. Me vil stille tøffe krav til næringslivet og gå inn for at at kommunens tenester skal bli dei beste i Norge på å unngå svinn og forureinsing.

Eg vil med dette utfordre resten av Alver-politikarane til ikkje berre å snakke meir om klima i valkampen, men òg til å tørre å la framtida vår spele ei avgjerande rolle i maktforhandlingane.
Eg vil at partia i Alver som påstår å gå til val på miljø, skal bruke ambisiøse klima og- miljøsaker som ultimatum når me skal stemme fram Alver sin første ordførar nokosinne.

Det kjem SV til å gjere - alt anna er å drite i framtida vår.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags