Det frie skulevalet er ikkje fritt - for alle

Av
DEL

LesarbrevVestland Venstre vil ha fritt skuleval i heile Vestland fylke, skriv Agnes Hoshovde Bernes i Nordhordland den 14.mai.

Det er ikkje eit fritt skuleval for alle Venstre vil ha, men eit reint karakterbasert opptak, med fridom for dei med dei beste karakterane. Fridom for nokon, men altså ikkje for alle!

SV vil gje alle elevar rett til å gå på nærskulen. SV vil at elevane skal ha ein rett til å gå på den næraste skulen med det aktuelle utdanningsprogrammet. Og at det skal vere mogleg å søkje seg til ein skule lengre vekke. I Fellesnemnda for Vestland fylke fekk SV gjennom utgreiing av nærskuleprinsippet. Så det er fleire enn vi som er ute etter å finne eit meir rettferdig og fornuftig opptakssytem.

Å ha eit reint karakterbasert opptak gjer at populære skular kan velja blant elevar med best karakter. Såleis får elevar som har gjennomsnittlege eller dårlege karakter ikkje høve til å gå på nærskulen, eller på den skulen dei ønskjer. Det er i seg sjølv demotiverande. Dette rammar både elevar som bur i byen og i distrikta, men mest dei som bur i distrikta som kan risikere å måtte reise over lange avstandar, med fleire bussbyte.

Når Bernes skriv at 8 av 10 får innfridd førstevalet sitt har, ho ikkje med den effekten som ligg i at eleven veit kva snitt som må til på dei ulike skulane og difor ikkje søkjer seg dit. Dei med låge karakterar søkjer til dømes ikkje Amalie Skram.

I SørTrøndelag har ein hatt nærskuleprinsippet i lang tid, og det fungert utmerka. Det same prinsippet er valt i det nye Trøndelag fylke som har både ein storby og ein desentralisert struktur, som Vestland fylke.

Vestland SV vil ha ein sterk offentleg skule der alle elevar får utvikla seg fagleg og sosialt i eit godt læringsmiljø. Me vil ha ein skule som satsar på gode relasjonar mellom elevar, lærar og foreldre. SV vil ha ein skule som lærer oss å verte kjent med dei som har ein annan bakgrunn enn oss sjølve. Skulen skal motverka sosioøkonomisk segregering, ikkje forsterka den. Me vil ha slutt på sløsinga med offentlege ressursar i ein meiningslaus konkurranse mellom skulane om elevane. Kvar krone skal gå til kunnskap, ikkje til konkurranse om elevar.

SV skal vera røysta for dei foreldra og elevane som ikkje står fram i media og ropar høgast om valfridom for dei få, for dei med høgast karakter, men for alle dei andre.

Og så håpar vi at uttrykket fritt skuleval snart vert bytta ut med det det er, eit reint karakterbasert opptak til vidaregåande skule.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags