Austrheim har fått eit nytt politisk parti. SV startar lokallag i kommunen

Frå lista til Austrheim SV: Ayna Camilla Budal, Tore Svendsen, Evelyn Monslaup, Gjertrud Johnsen Dyrkolbotn, Rhoann Bolando Generoso, Linda Marie Borlaug

Frå lista til Austrheim SV: Ayna Camilla Budal, Tore Svendsen, Evelyn Monslaup, Gjertrud Johnsen Dyrkolbotn, Rhoann Bolando Generoso, Linda Marie Borlaug Foto:

Av
DEL
Austrheim SV sine to øvste kandidatar, Evelyn Monslaup og Ayna Camilla Budal Soltveit, presenterer politikken til partiet i samtale med tredjekandidaten, Linda Marie Borlaug. Mangfald, miljø og motstand mot sentralisering er blant sakene dei tar opp.

LesarbrevTorsdag 7. mars i år vart Austrheim SV stifta. Evelyn Monslaup stiller som partiet sin førstekandidat. Ho seier at tida er inne til å engasjere seg aktivt og ikkje sitje heime og berre trykke «like» på saker ein synest er viktige. Andrekandidaten Ayna Camilla Budal Soltveit seier at ho har sakna SV-lista ved tidlegare val, så no vil ho også vere med og bidra i lokalpolitikken. Dei to trur at mange i bygda kan kjenne seg att i verdiane som SV står for, og at dei vil setje pris på å få nye impulsar inn i kommunepolitikken. Nettopp det er noko av det viktigaste, meiner dei to. Flest mogeleg røyster må vere med i samfunnsdebatten. Eit av slagorda til partiet er for dei mange, ikkje for dei få. Om ein skal finne gode, rettferdige løysingar, må ein sjå ting frå fleire perspektiv og få med både kvinner og menn, unge og gamle i diskusjonen. Ikkje minst må ein ta omsyn til behova til dei som ikkje har ressursar til å fremje si eiga sak.

Austrheim SV er opptatt av samarbeid på fleire nivå. Evelyn var med på stiftingsmøtet til Alver SV, og ho reknar med at dei vil jobbe i lag i saker som gjeld Nordhordland. Ho trur også dei andre partia i Austrheim vil ta vel mot den politiske nykomaren og er innstilte på å finne løysingar i lag. SV ønskjer også å samarbeide med dei lokale organisasjonane som kjenner dei ulike felta, til dømes med Naturvernforbundet og fagforbunda.

Dei to Austrheimkvinnene er glade i bygda og set pris på det gode tilbodet innbyggjarane har hatt på mange område, til dømes innan eldreomsorg og ungdomsarbeid. Dei vil jobbe for å halde på dette og vere med og utvikle det vidare. Kommunen slit for tida økonomisk, og sparetiltak må til. Det er viktig at leiinga speler på lag med dei tilsette for å finne fleksible løysingar og ikkje set inn kontrolltiltak som kan verke mot si hensikt. I dårlege tider er det ekstra viktig å tenkje langsiktig slik at ein kjem ut av krisa og ikkje risikerer å hamna der igjen.

Kritiske røyster hevdar at SV berre vil bruke pengar, ikkje tene sei. Slik er det slett ikkje, seier Evelyn. Miljøvern er sjølvsagt ei av dei viktigaste sakene for oss og for verda no. Men sjølv om vi vil bevare det vi kan av urørt natur, som til dømes Øksnesmarka, meiner vi sjølvsagt at det er viktig å bidra til å utvikle næringsverksemd der tilhøva ligg til rette for det. I tida som kjem, må alle vere med og tenkje nytt innan industri og energi slik at ein kan bevare ein god levestandard utan å øydeleggje for komande generasjonar eller andre verdsdelar. Det er ikkje minst viktig at det finst arbeid i distrikta slik at folk kan bli buande her, meiner Ayna Camilla.

I Noreg har distrikta stått for mykje av verdiskapinga, og ein har stort sett vore einig om at folk i by og land skal ha like retter. No ser vi tendensar til auka sentralisering, og det er viktig at vi seier frå. Både Evelyn og Ayna Camilla er lærarar, og dei seier at ungdom frå bygda sjølvsagt skal ha dei same mogelegheitene som byungdom til å skaffe seg utdanning. Det får dei ikkje om dei må sitje timevis på bussen kvar dag for å komme seg på skule i Bergen, og enda verre er det om dei må flytte åleine på hybel, 15–16 år gamle. Vi treng også fylkeskommunal tannlege lokalt slik at ikkje heile skuledagen pluss foreldra sin arbeidsdag går med når ein elev skal sjekke tenna. Vi saknar lensmannskontoret her ute og les med skrekk om korleis den såkalla nærpolitireforma er i ferd med å fjerne politiet frå der ein treng det. Ayna Camilla som ikkje køyrer bil, er lokallaget sin «sykkelpolitiske talsperson» og ivrar for gode sykkelvegar. Ho ser dessutan behovet for betre kollektivtilbod i distriktet, om laurdagen går siste buss frå Bergen klokka 16. Viss ein vil ha folk buande i distrikta og unngå unødig bilkøyring, må ein ta fatt i slike ting.

Dei to SV- kandidatane seier dei gler seg til å vere med og gjere livet på landet enda betre for folk. Austrheim er ein fantastisk plass å bu, og vi må ta godt vare på staden, seier dei. No håper dei at mange av veljarane i bygda er einige med dei og vil vere med og gje dei ein sjanse til å bidra dei neste fire åra.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags