Nei til vindmøller i Stølsheimen og Fjonfjella!

Foto:

Av
DEL

Lesarbrev1. april leverer NVE ei innstilling til olje- og energidepartementet om «Nasjonal ramme for vindkraft», dvs. kva område i landet dei meiner kan nyttast til vindkraftproduksjon. Departementet vil så gje tilråding til Stortinget, som skal vedta kva areal som kan nyttast til vindkraft i landet vårt.

Høyrest dette flott ut? Staten bestemmer! Kva med kommunane, lokalsamfunna? Jau, me er reduserte til høyringsinstansar, for dette vert bestemt etter energilova, og ikkje etter plan- og bygningslova, for då ville kommunane avgjort saka.

Somme hugsar kampen mot vassdragsutbyggingane, Alta, Mardøla, Gaula m.fl. Har me lært av desse? Vindkraft på land vil td. vera langt meir synleg enn vasskraftutbygginga.

Alver Senterparti meiner at konsesjonar for vindkraft berre må gjevast der kommunestyret går inn for det, og der dette ikkje går utover viktige natur- og friluftsområde.

Alver Senterparti seier tydeleg nei til vindkraftutbygging i Stølsheimen og Fjonfjella, dette er viktige natur- og turområde i friluftslivkommunen Alver!

På generelt grunnlag er me skeptiske til meir vindkraftutbygging på land i Noreg. Senterpartiet vil heller ha vindkraftparkar til havs, der kan me også kombinera denne produksjonen med hydrogensatsing. Erna,- lær av vassdragskampane, spel på lag med kommunane!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags