Meir tillit, mindre detaljstyring av tilsette

Alver skal vera prega av tillit, seier May Irene Wergeland, Jon Askeland og Liv Hopland van der Kooij

Alver skal vera prega av tillit, seier May Irene Wergeland, Jon Askeland og Liv Hopland van der Kooij Foto:

Av
DEL

LesarbrevFrå tilsette i offentleg sektor høyrer me at mange er demotiverte av det som opplevast som unødvendig detaljstyring og meiningslause rapporterings- og kontrollregime.
Senterpartiet vil derfor gå i bresjen for ei klok og trygg kommuneleiing som gir størst mogleg ansvar til dei som jobbar i førstelinja i kommunen.

I Radøy, under Senterpartiet sitt styre, har me gode erfaringar med å gje mykje tillit til tilsette, så me veit at dette kan lukkast. Senterpartiet vil bidra til at Alver får visa veg på dette området!

Me meiner at dei som står for jobbutføringa, også veit best korleis dei løyser dei konkrete oppgåvene. Derfor gjev det meining å lytta til tilsette og å kutta ned på rigid og unødvendig eller meiningslaus mål- og resultatstyring. Me meiner dette vil gje betre tenester til innbyggjarane, auka effektivitet og meir arbeidsglede hjå tilsette. Dei tilsette sin kunnskap og motivasjon er ein uvurderleg ressurs for å nå måla våre for kommunen: gode tenester til innbyggjarar i alle delar av livsløpet.

Tenestene skal ytast der folk bur og må utviklast i samarbeid mellom folkevalde, administrasjon og tilsette. Me meiner eit tillitsbasert samarbeid stimulerer til at medarbeidarar tek ansvar for eigen og felles arbeidsinnsats, at det fremjar effektivitet og meining og at det også gjev fellesskapen meir att for kronene som nyttast.

Mykje av byråkratiet og kontrollen vert skapt i staten og deretter pålagt kommunane. Derfor treng me ei ny regjering for å gjennomføra ei tillitsreform i det statlege byråkratiet også.
Til lokalvalet i haust seier me i Alver Senterparti at me startar med våre eigne tenester, der kommunen sjølv er arbeidsgjevar. Meir tillit og mindre detaljstyring og kontroll er ein fordel både for innbyggjarane og dei tilsette – slik vil me ha det i Alver!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags