Gå til sidens hovedinnhold

Trafikktryggleik skal ikkje ofrast

Artikkelen er over 3 år gammel

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

«Standarden på fylkesvegane i Nordhordland... og på Vestlandet er under ein kvar kritikk og etterslepet berre aukar år for år» skreiv Nh på leiarplass 30. september. Det er riktig og det samla etterslepet på fylkesvegane i Hordaland er no oppe i 7,3 milliardar kroner. Fram til 2010 var fylkesvegnettet eit til dels lavtrafikkert vegnett, og omfanget av dette vegnettet var langt mindre. Ved forvaltningsreforma i 2010 overtok fylkeskommunane ansvaret for 17 120 km veg – utan ekstra midlar. Det var ikkje Høgre som fremma idéen og det var mange av oss som meinte at dette var ein dårleg idé av dåverande regjering. Utfordringa ser vi dag.

Nasjonalt ser vi at det er eit stort og krevjande ansvar, der fylka slit med å innfri forventningar og behov. Det er eit stort etterslep på vedlikehald som må hentast inn igjen. I NTP, som blei behandla før sommaren, vart desse utfordringane også framheva.

Les også

Prøver å kutta køane – No bygger dei om krysset på Eikås

Vi (regjeringa) har auka opp bevillingane til fylka kraftig dei siste åra, i tillegg til 16 mrd. til tunnelvedlikehald og ulike ordningar som rentekompensasjon og ferjekompensasjon. Men det er viktig at fylket også vel å nytte midlane sine riktig. Når fylket har driftskontraktane for fylkesvegane til behandling er det på tide og bra at lokalpolitikarane stiller fagetaten spørsmål om pengane kan nyttast betre. Trafikksikring verken kan eller skal ofrast. Norge er verdsleiande innan trafikksikring på veg. Ingen andre land har lågare risiko. Likevel har vi framleis eit viktig arbeid framføre oss. Regjeringa har lagt fram Handlingsplan for auka trafikksikring på veg. Samferdselsdepartementet har det overordna ansvaret for trafikksikring, men både fylket og kommunen er svært viktige aktørar, både som vegeigarar og som ansvarlege for ei rekke område der trafikksikring er eit sentralt element. I Nordhordland er ein begynt å jobbe godt med å styrke samhandlinga mellom relevante aktørar på lokalt plan.

Les også

«(...) Men at bussturen til Feste går hardt ut over både gebiss og tupeer er det ingen tvil om»


For oss som ferdast på vegen betyr det i grunnen lite om det er fylkesveg eller riksveg – den skal uansett vera trygg – men vegeigar må ta dei beinharde prioriteringane som må til for å sikre pengar til investering, vedlikehald og sjå til at dei strekk til mest mogleg. Når Høgre på fylket vel å meir enn doble beløpet til vegvedlikehald i sitt alternative budsjett, så betyr det vilje til ei beinhard prioritering av trafikktryggleik.

Høgre gjekk til val på nye idear og betre løysingar i 2013 – det har regjeringa levert desse fire åra. Nasjonal transportplan viser eit taktskifte både når det gjeld investeringsvilje og løysingar som gir meir igjen for pengane. Det bør alle vegeigarar gjere.

Les også

Fleirtalet i fylket vil ha trafikktryggleik framfor ny asfalt

Kommentarer til denne saken