Raudt – eit parti med reelle alternativ til bompengar

Toril Mongstad

Toril Mongstad Foto:

Av
DEL

LesarbrevSå langt ser bompengar ut til å vera den store saka fram mot valet i september. Dei sokalla bompengepartia fossar fram på meiningsmålingane og dei får førstesideoppslag i presse og media, både landsdekkande og lokalt.


Kva vil desse partia utover det å skapa blest og protest om bomringane som dukkar opp over store delar av landet? Og kva løysing presenterer dei som alternativ til bompengar når utbygging av veg og annan infrastruktur skal halda fram? Det er det ikkje lett å finna ut av, og det synes også å vera uvesentleg i det politiske ordskiftet.

Noko har dei oppnådd så langt, og det er å skapa panikk i FrP, som til no har hatt eigarskapen til motstand mot bompengar, utan at dette har gjeve resultat i dei åra dei har vore i regjering.


Raudt har vore i mot bompengar lenge. Me meiner at dette er ein uakseptabel skatt som rammar skeivt og som dessutan er ein lite omfordelande skatt. Alle betaler det same uavhengig av yteevne. Difor rammar skatten fullstendig feil. For folk i lågare inntektsgrupper kan dette verta ein tung tilleggskostnad som nesten er umogeleg å bera.


Raudt har eit klart standpunkt. Utbygging av veg, bane, kollektive tilbod, gang- og sykkelveg skal dekkast over statsbudsjettet gjennom ein god og vedteken fordelingspolitikk. Slik vil prinsippet om å yta etter evne verta ivareteken, noko som er svært viktig i politikken til Rødt.


I tillegg til dette klare standpunktet i denne saka, har Raudt ein heilskapleg politikk med hovudmål å hindra den aukande ulikskapen i samfunnet.


28. mai i år fremja leiaren i Raudt, Bjørnar Moxnes eit Representantforslag (158 S) til Stortinget, om rettferdige og sosiale alternativ til bompengar, der han mellom anna skriv: Bompenger er en flat avgift som ikkje tar hensyn til folks inntekt eller om det fins et reelt alternativ til privatbilismen. I praksis kan bompenger bidra til et større geografisk og sosialt klasseskille.


Han tar vidare opp det lite samfunnsøkonomiske i måten bompengefinansieringa verkar, og ikkje minst det at mange av dei bompengefinansierte prosjekta er baserte på lån. For bypakka i Bergen skal det takast inn 20,1 mrd kroner gjennom bompengar. Av desse er 1,6 mrd kroner administrasjonskostnader, og 7,5 mrd kroner vil forsvinna i netto rentekostnad, dette vert i alt rundt 45% av bompengane.


I Raudt sitt alternative budsjett for 2019 har partiet foreslått at store kollektivprosjekt i storbyområda må i større grad finansierast over statsbudsjett. Forslaget frå Moxnes er no til komitehandsaming.


Raudt sin politikk på området får ikkje mykje spalteplass og merksemd i presse og media. Det er synd. Raudt går til val med ein politikk som er heilskapleg og grundig, og som foreslår reelle alternativ.

Toril Mongstad
Raudt Alver
Fylkestingskandidat Vestland, kommunestyrekandidat Alver Kommune

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags