Astrid Aarhus Byrknes let ikkje sjansen gå frå seg: Tok opp ei rekke saker Nordhordland vil ha resultat på med Erna

Erna Solberg kjem til Solholmen, her med Astrid Aarhus Byrknes og Vidar Grindheim frå Industriutvikling Vest som var vertsskap.

Erna Solberg kjem til Solholmen, her med Astrid Aarhus Byrknes og Vidar Grindheim frå Industriutvikling Vest som var vertsskap. Foto:

Av

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF) gjekk rett på sak og tok opp ei rekke viktige Nordhordland-saker i sin tale til statsminister Erna Solberg (H) under hagefesten på Solholmen. Under kan du lese heile talen. Frå Erna Solberg etterpå vanka det få konkrete lovnader til Nordhordland, verken om ny E39, vindkraftvern eller ubåtheving. Halvt spøkefullt sa statsministeren at det er viktigare at fleire bidrar til statsbudsjettet enn kjem inn på det med tanke på framtidig eldrebølge.

DEL

MeiningarGode statsminister, ordførarar, vener og samarbeidspartnerar frå næringslivet

Velkommen til Lindås og Nordhordland endå ein gong - du har vore her mange gonger - det set vi stor pris på og velkommen til Solholmen. Mitt namn er Astrid Aarhus Byrknes og eg har hatt det ærefulle oppdraget med å være ordførar i Lindås kommune i snart tre periodar, og saman med Meland og Radøy ordførarane vært ein del av prosessen med å samle Lindås, Meland og Radøy kommune til ein ny storkommune.

Eit lærerikt arbeid, eit spanande arbeid, men også krevjande arbeid. Vi er godt i gong med byggjeprosjektet å byggje ny kommune, men arbeidet vil sjølvsagt fortsette langt utover 1.1.2020. For frå nytt år av blir vi altså Alver kommunne, Vestland sin fjerde største kommune. Vår visjon er at Alver kommune skal vere ein heilskapleg samfunnsutviklar og byggja felleskap i ein region med sterk vekst og utvikling.

Alver vil forhåpentlegvis – og det skal ikkje stå på meg i alle fall - fortsette det samarbeidet vi har i Nordhordland og Gulen både med kommunane og vårt flotte næringsliv i regionen.

Fremja E39-kravet på nytt

Gode Erna: du vil nok i ettermiddag få høyre om kva saker vi er opptatt av både ordførarane og næringslivet, men eg tillater meg og med frimodighet å nemne nokre saker vi står samla om og som er viktige også for meg: Vår viktigaste felles fanesak for regionen er ny vei, E39 Klauvaneset - Vågsbotn.

Den er altfor viktig til å kunne ofrast for ein politisk agenda. « Vegen vår», som ligg i Bergen kommune, skulle vore bygd i går og vegen vår - ja vi kallar den «vår» for den er viktig for heile regionen for å få nødvendig utvikling, vekst og ikkje minst bidra til betre beredskap, tryggleik og framkomst. Den er viktig for at våre etterkommarar vil busetje seg i Nordhordland og Gulen, og den er avgjerande for næringslivet vårt.

Omstilling på Mongstad

For å gå litt til min eigen kommune Lindås så har næringslivet i kommunen sterke industrielle tradisjonar, der aktiviteten på og omkring Mongstad har vore lokomotivet i næringslivet vårt i mange år. For Alver vil det å byggje grøn konkurransekraft vere avgjerande for å skape eit berekraftig, attraktiv og nyskapande næringsliv.

Mongstad vil vere ein viktig motor som huser ein av Norges største energi-industriparkar, med over 100 bedrifter og nærare 3000 arbeidsplassar og verdens mest avanserte teknologimiljø for CO2-fangst. Lindås kommune har saman med næringslivet sett i gang eit felles utviklingsprosjekt knytt til sirkulær økonomi som skal leggja ein strategi for vidare næringsutvikling og nyskaping basert på den kompetansen, næringslivet og teknologien vi har bygd opp gjennom våre naturressursar og energikompetanse. Eit viktig og riktig arbeid ligg foran oss. Ver velkomen til å bidra med omstillingsmidlar her.

Ros for skattekompensasjon

Så har regjeringa fjerna eigedomsskatten på verk og bruk. Til glede for mange, men også til frustrasjon for kommunane som ynskjer å vere gode vertskommunar og har brukt eigedomskatten til det og bidratt til attraktivitet. Når det blei som det blei, vil eg likevel takke for at regjeringa har lytta til ordføraren.

Kompensasjonsordninga som stortinget har vedteke skulle på plass som ein kompensasjon for bortfall av eigedomskatt er no i tråd med det Lindås har tatt opp i utallige møter med departementa. Vi som taper desidert mest av alle kommunar i Norge får no mest igjen – tilnærma full kompensasjon, det er eg takksam for. Desse inntektene er superviktige for Lindås og ikkje minst for Alver kommune. Eg går utifrå at ordninga fortset slik framover kvart år, og når også ordninga skal vere ei varig ordning så lovar det bra!

Kommunane treng forutsigbarhet i rammene frå staten til både tenesteutvikling for innbyggjarane, men også til ei framtidig berekraftig omstilling. Vi vil vere innovative og skape framtidas tenester. Det same gjer næringslivet vårt i brei forstand – alt i frå handel, små, mellomstore og store bedrifter, gründarar mm. Alle ønskjer det beste og ta del i omstilling og utvikling.

Vindkraft i strid med berekraft

Bærekraft er viktig og då må eg kome inn på ei av mine viktigste hjartesaker for regionen; vindkraft utbygginga, eller den omtala rammeplanen for vindkraft som no er på høyring.

Vi vil vere med å ta ansvar for at Norge oppnår sine nasjonale klimamål, men vi anser at fornybar energi ikkje skal gå på bekostning av urørt natur og biologisk mangfald. Nyleg har Nordhordland fått status som eit UNESCO Biosfære område – eit område for berekraft, det første i Norge og det å plassere vindturbinar i urørt natur meiner eg strider imot ei berekraftig utvikling.

Det har vore og er eit stort engasjement frå våre innbyggjarar som er imot vindkraft i urørt natur. Vi har som politikarar eit ansvar å lytte til våre innbyggjar, og vi har eit ansvar for å ta vare på vår natur til framtidige generasjonar. Her har eg som ordførarar engasjert meg sterkt og vil ikkje gje meg før eg har vissheit på at vår urørte natur står trygt, til framtidige generasjonars glede. I dette arbeidet er vi samla og tverrpolitisk einige i Nordhordland og Gulen.

Gir ikkje opp U-864-heving

Berekraft handlar også om miljø. Då må eg nevne regionen sitt engasjement for ubåten U864. I den saka har det vore både oppturar og nedturar. Her står vi samla tverrpolitisk om at båten eller lasta må hevast. Det er verdas største punktutslepp av kvikksølv som ligg rett utafor stovedørene våre . Regionen har kraft og kompetanse til å finne ei fornuftig løysing for å heve, saka handler om miljøet vårt, om fiskeri og sjømat og igjen dei framtidige generasjonane.

Eg er som lokalpolitikar, men også som den fagpersonen eg er, opptatt av at eit berekraftig samfunn skal skape gode levekår og fremje god folkehelse til alle dei som bur i kommunen. Difor har Lindås kommune vore tidleg ute med å satse på velferdsteknologi. Vi var ein av dei fyrste pilotkommunane i Noreg og har implementert dette inn i heile helse og omsorgstenesta. Vi er ikkje mindre enn leiande i landet på dette feltet.

I tråd med de nye Stortingsmeldinga «Helsenæring» vil vi no sjå korleis vi kan skapa ny næringsutvikling og smartare omsorgstenester gjennom nytt partnarskap og samarbeid mellom det private og det offentlege. I slutten av 2020 opnar Nordhordland Helsehus som kan vere ein viktig motor for eksisterande næringsliv og ny næringsutvikling på helsefeltet.

Vi har mykje på agendaen i Alver, Nordhordland og Gulen, og vil ta dei mulighetene som ligg foran oss for utvikling og vekst.

Eg ønskjer statsministeren og alle gjester ei fin samlingsstund her på vakre Solholmen og bruk anledninga til å utforske nye bekjentskap.

Takk til Industriutvikling Vest og Solholmen som legg til rette for dette arrangementet.

Takk for meg.


PS! Talen til Astrid Aarhus Byrknes er sendt inn etter oppfordring frå avisa, og det er redaksjonen som har redigert tittel og ingress.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags