Kona mi veit (enno ikkje) kva ho skal stemme!

Leif Johnsen

Leif Johnsen Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevKona mi veit (enno ikkje) kva ho skal stemme!

Fredeleg frukost med frua og politikarkrangel i radioen kan by på både matproblem og politiske utfordringar for ein MDG-mann. - Det høyrest ut som alle har rett, kommenterer ho ein krangel.

- Alle seier dei har gjort mest, og halde det dei har lova. Alle seier at dei andre ikkje har gjort nok, og ikkje har halde det dei har lova. Og ingen lyg? Eg stemmer i alle fall ikkje på dei som rakkar ned på dei andre! Hm, tenkjer eg, og seier: - Ja, ja, då har du ikkje mange å velje mellom, og vågar eit hint: - MDG t.d. vil at folka deira skal snakke klart. - Men ingen vil jo samarbeid e med MGD (som ho ofte kallar oss). Ikkje AP, ikkje SP, og Erna seier at MGD vil ruinere Noreg! Alle er jo i mot dei - .

Usikker på kva du skal stemma? Prøv vår velgarhjelp her!

Stilla ruger over frukostbordet, eg håper ei ny skei med havregraut skal gi meg ein lur kommentar, men ho er raskast: - Det er no galt å ekskludere nokon, særleg dei små - kanskje eg skal… No må eg køyre på, tenkjer eg og plasserer havregrauten til side i munnhola for å fyre laust - eller er det lurast å liggje lavt? Men ho kjem meg i forkjøpet att: - Det er jo eit Stortings - og regjeringsval, då er det vel tryggast å stemme på eit av dei store, regjeringsberande partia - . Halloen! Tenkjer denne miljø- og naturkjære dama å stemme AP eller Høgre!? I eit år der det nettopp er småpartia som vil avgjere kor god klimapolitikk me får! Eg bles ut: - Du, og alle som vil ha best mogleg klimapolitikk må nettopp i år stemme på miljøpartia, og få dei over sperregrensa. Eit MDG t.d. over 4 % kan kome i vippeposisjon og presse fram betre klimapolitikk på begge regjeringsalternativa! Den sat, tenker eg. - No veit eg -, seier ho, Jess! tenker eg. - No veit eg, gjentek ho, i alle fall kva DU skal gjere. Åh? – Gå ut på badet å vask skjegget ditt, det er fullt av havregraut…

Leif Johnsen,

ein MDG-mann.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags