Ingen blir lukkelege eller rike av ein øydelagt klode

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevKritikken mot Miljøpartiet Dei Grøne har nådd nye høgder i årets valkamp. Eg kan forstå at andre parti kan synast at eit lite parti i kraftig vekst som bryt med etterkrigstidas monomane vektlegging av vekst kan vere «irriterande", særskilt sidan fleire og fleire nordmenn ser behovet for endring fordi klimakrisa ikkje gir rom for å la vere. Miljøpartiet Dei Grøne sin framgang viser at det (heldigvis) er stadig fleire som stiller spørsmålet «Kva er formålet med livet?" - og som ikkje likar svaret «Jamnt veksande forbruk".

Derfor er ei stemme til KrF avgjerande 

Realiteten er at dersom alle i verda skulle hatt det same materielle forbruket som nordmenn, ville vi trenge tre jordklodar. Det seier seg sjølv at det ikkje er berekraftig, men det er heller ikkje naudsynt. For dei aller fleste nordmenn er tida då auka livskvalitet var avhengig av auka materiell velstand forbi. Det viser forsking og meiningsmålingar. Grøn politikk vil legge til rette for at denne erkjenninga omsettast i praksis.

Verda må finne måtar å vareta folks materielle behov utan ein forbruksvekst som et opp planeten! Sidan 1945 har Noreg styrt mot kortsiktig lønsemd og konstant kostnadseffektivitet, det vil seie at ressursane som gir høgast vekst i landets produksjon av varer og tenester har vore prioritert, som til dømes olja.

Miljøpartiet Dei Grøne bryt med denne tanken og med fortida fordi vi prioriterer framtida. Vi har ikkje fasiten for det gode norske liv i 2050, men ingen kan ha interesse av at meir kjøpekraft, forbruk og arbeid blir verande eit mekanisk krav for ein samfunnsutvikling som øydelegg livsgrunnlaget vårt. 

Vår politikk legg ikkje opp til høgast mogleg vekst i BNP, valutainntekt og forbruk, men vil gi oss høve til å styrke livskvaliteten og samstundes bidra til å senke Noregs økologiske fotavtrykk. Ein moderne forbruksreduserande politikk vil gjere nettopp det, auke livskvaliteten ved å skape ein framtid der mindre stress, forbruks- og prestasjonsjag gir meir rom for rikare og betre liv. I dette samfunnet har vi meir tid til kvarandre, og meir fridom til å leve meiningsfulle, mangfaldige liv. Dette samfunnet vil eg bli gammal i!

Karina Garnes Reigstad

Miljøpartiet Dei Grøne

Meland

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags