Grøn framtid for vestlandsbøndene

Karina Garnes Reigstad (MdG)

Karina Garnes Reigstad (MdG) Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevTrur du Senterpartiet er den viktigaste forkjemparen for bøndene på Stortinget? Miljøpartiet Dei Grøne er faktisk det partiet som prioriterar landbruket høgast.

I dei fire første åra våre på Stortinget, har vi vore det partiet som har føreslått den høgaste ramma i jordbruksoppgjeret og vi har prioritert å auke støtta til små og mellomstore bruk.

Meir enn kvart sjuande gardsbruk vart nedlagt i Hordaland i dei åtte åra då Senterpartiet var i regjering og hadde landbruksministeren. Vi mista over 500 gardsbruk i denne perioden. I åra etterpå har nedgangen fortsatt, om enn i eit litt lågare tempo. Både under den blåblå regjeringa vi har i dag og den førre raudgrøne regjeringa, har vi hatt storstilt nedlegging av gardsbruk. Det er fortvilande at i løpet av dei siste 11 åra, har dei to regjeringane sørgja for at 660 gardsbruk har blitt lagt ned i fylket vårt. Ved årsskiftet stod vi igjen med 3117 gardsbruk i Hordaland.

Strukturendringa med å legge om til større bruk, rammer vestlandsbøndene særleg hardt. Gjennom mange år har det vore satsa på større einingar og meir effektiv produksjon. Effekten er at store gardsbruk der landet er flatt og lettdrive, blir endå større og tener stadig betre. Samtidig forsvinn stadig fleire av dei mindre bruka her i Hordaland.

Det kuperte terrenget her i vest, set grenser for moglegheitene for drift i stor skala. Industrialisert storskaladrift er dårleg egna til å gjere landbruksnæringa fleksibel til å takle klimaendringar og sikre god dyrevelferd.

Vi i Dei Grøne ønskjer heller å føre ein tilskots- og kvotepolitikk som opprettheld små og mellomstore bruk i heile landet. Vi ønskjer også å auke matproduksjon basert på norsk gras ved å gi betre støtte til beiting og gjere kraftfôr dyrare enn grovfôr. Ei dreiing over til å prioritere lokal økologisk småskaladrift, er nødvendig for å hindre at fleire gardsbruk blir lagt ned.

Dei Grøne er opptatt av det viktige arbeidet bøndene gjer for å ta vare på både mattryggleik og kulturlandskap. Derfor har vi prioritert å sikre dei rimelege inntekter slik at nedleggingane stopper opp. Bøndene er også blant dei første som får merke konsekvensane av klimaendringane. Kampen for klimaet er derfor eit viktig tiltak for å ta vare på det vestnorske landbruket. Vi treng ein ny grøn giv for dei gardsbruka vi har igjen her i Hordaland.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags