Flykvotar i medvind

Privat

Privat Foto:

Av
DEL

LesarbrevDen siste tida har det vore debatt i norske media, etter at vi i Grøn Ungdom på vårt landsstyremøte nyleg vedtok at vi ønskjer å innføre ein flykvote på 2 flyturar i året per person. Men dette skaper ikkje bare overskrifter og engasjement, men er riktig og viktig politikk, om vi skal unngå katastrofal klimakrise.

I Noreg fyk vi mye. Ser ein på heile europas mest trafikkerte ruter, er heile 3 av dei innanriksreiser mellom dei største byane i landet. Dessverre er det òg slik at fly har ekstremt høge klimagassutslepp per person dei fraktar. Klimagassutsleppa frå fly bidrar òg til enda meir klimaendringar enn vanlege klimautslepp, sidan dei sleppest ut høgt oppe i atmosfæren. Trist.

For ifølge FNs klimarapport frå 2018 må heile verda i snitt kutte minst 45% av utslippa sine, og land som Noreg enda meir, for å unngå dei verste konsekvensane av klimaendringane. Som m.a. at hundrevis av millioner menneske vil lide under hungersnaud og tørke, og at halvparten av verdas artar vil bli utrydda. Dette er ei krise, og treng derfor krisetiltak for å løysast.

Vi må kutte utslepp drastisk, òg i flynæringa. Så fram til elfly tar over flyflåten i Noreg, må nordmenn fyke mindre. Og ganske mye mindre, til vi er på ca 2 flyreiser i året per person. Det vil ikkje skje av seg selv, og det er derfor vi i Grøn Ungdom vil innføre flykvotar, som eitt av fleræe tiltak for å nå dette målet. Det vi meiner med flykvotar er at alle nordmenn får ein kvote på 2 flyreiser i året, som kan kjøpast og seljast for dei som ønskjer det. Det er mye fint med dette, som at det kan virke omfordelande økonomisk. Men det viktigaste er at det er ein garanti for at vi faktisk kuttar nok klimagassar i flysektoren framover, noko vi treng for å unngå den verste klimakrisa.

Man kan sei at dette er radikalt, men det hastar så mye å gjennomføre klimakutt at politikken må vere radikal. Tida då klimatiltak kunne vere moderate er forbi. Vi må gjennomføre store utsleppskutt der vi kan, og det inkluderer fly.

Irenea Natås
Medlem av Grøn Ungdom Vestland og listekandidat hos MDG Alver

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags