Fjella vann på Miljøpartiet dei Grøne sitt landsmøte

Av
DEL

LesarbrevVisste du at folkemøtet «Vindkraft i Nordhordland», vart starten på det mest omtalte vedtaket på Miljøpartiet dei Grønes landsmøte i helga?

19. November 2018 fekk grunneigarar og andre fjell-glade folk møte NVE, Turistforeninga, samt politikarar frå Høgre og Sp på Dampen i Knarvik. Stemninga var delvis hissig og frustrasjonen var til å ta og kjenne på. Alle som var motstandarar av vindmøllepark i Stølsheimen fekk seie kva dei meinte, og det vart gjeve forsikringar om at alle skulle høyrast før endeleg avgjerd takast.

Spel for galleriet?

Men blant oss tilhøyrarar, var det nokre som kjente på at dette var spel for galleriet. Kunne grunnen til å ha dette møtet vere å skaffe seg ryggdekning? Slik at når vindmøllene kjem, kan stat og utbyggjar seie at folk vart høyrde og alle prosessar var gjort rett? Nokre av oss frå Miljøpartiet dei Grøne var på møtet, og vår uro og frustrasjon førte til at me fremja resolusjonen «Vindkraft og naturvern» for landsmøtet i MDG, som vedtok denne siste helga i mai.

I resolusjonen vår står mellom anna:

«Framtidige vindkraftkonsesjonar på land i Norge bør forbeholdes område med eksisterande inngrep og infrastruktur, og skal ikkje redusere område med urørt preg eller andre natur- og friluftslivsverdiar. All utbygging skal skje skånsamt og med lokal involvering. Helt urørt natur skal aldri utbyggas av landbasert vindkraft.»

I praksis tyder dette: Skal vindkraft byggjast på land i Noreg, så skal den plasserast i område der naturen alt er øydelagd, til dømes langs motorvegar eller i etablerte industriområde. Ikkje i område kor den reduserer leveområda til artar, friluftslivsområde, eller gjev innverknad på inngrepsfrie område i nærleiken. Stølsheimen og andre fjellområde i Nordhordland vil ikkje la seg byggja ut med denne formuleringa.

Det er inga tvil om at klimaet er i endring, og at vi ikkje kan fortsette med fossilt brennstoff i den skala vi halde på i dag. Fornybar energi må skaffast. Men når FNs naturpanel i sin siste rapport peikar på dramatisk øydelegging av natur og økosystem, må også Noreg bevare dei få urørte areala vi har att.

Kommunane sitt syn og naturfagleg vurdering må styrkast

Me vedtok også at: «Råka kommunars syn skal vere avgjerande for tildeling av konsesjon, og skal vege tungt i utforming av sjølve planen for utbygging, MTA-planen».

Dette tyder at kommune og fylkeskommune skal ha ein avgjerande hand på rattet, og skal kunne seie nei til utbygging i sine område. Vi vedtok òg å styrke retten til motsegn frå fylke og fylkesmann, og flytte ansvaret for arealsaker tilbake til miljødepartementet. Dette for at det skal vere miljøomsyn, ikkje profittomsyn, som skal vere avgjerande for om konsesjon kan bli gitt.

Miljøpartiet dei Grøne er eit parti som skal løyse klimakrisa, men då kan me ikkje hive naturen ut med badevatnet. FNs rapport seier nemleg at økosystemar kan kollapse som resultat av at vi menneske brukar meir og meir areal.

Tida er komen for å slutte å subsidiere samfunnsutviklinga og industrien med gratis naturøydelegging. Det finst andre og betre måtar å løyse klimakrisa på, og Miljøpartiet dei Grøne vil vere den fremste garantisten for at vern av natur, insekt, fuglar, fjell og fjord alltid kjem først.


Lenkje til heile resolusjonen «Vindkraft og naturvern»: https://docs.google.com/document/d/1_qL7PT6Y8OczCgNQXZirk7Kt17PFmXYXNX6dsDjea4k/edit#

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags