Valet er ikkje «berre» eit regjeringsval, det er først og fremst val av nytt Storting

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevEg syner til leiaren i Nordhordland sist laurdag, som omtalar eit lesarinnlegg frå underteikna og Kristian Helland. 11.september skal Noreg velja nytt Storting for dei neste 4 åra. I det norske demokratiet stemmer vi på politiske parti som går til val på partiet sitt program. I kritikken i det omtala lesarinnlegget var det eit hjartesukk, at for mykje av mediadekninga i dette valet fokuserer på samansetninga av dei ulike regjeringsalternativa, og for lite om dei politiske sakene partia går til val på. Mitt syn er at media har eit ansvar i også løfta fram skillelinjene i dei politiske programmene i tillegg til korleis ein vil samarbeide rundt ei evt regjering.

Alle er einige om at det er 2 reelle statsministerkandidater denne gongen. Utover det så er det ganske stor skilnad i kva samarbeidskonstellasjon dei 2 kandidatane kan få bak seg. Veljarane kan ikkje berre velja mellom ein knallraud Jonas, eller ei mørkeblå Erna. Avhengig av styrken til dei ulike sentrumspartia, så kan det også verta ei sentrum – Høgre regjering der Erna Solberg er statsminister. Utifrå det så forstår eg kvifor media gang på gong spør Knut Arild Hareide om KrF sitt samarbeidsvedtak. Men då må også media høyra kva han seier basert på KrF sitt landsmøtevedtak. Sist veke var Hareide til partileiarutspørring hjå TV 2. Seansen varte i 22 min, og fokus var kun på om og viss i høve regjeringssamarbeid og ingenting om KrF sine valsaker. Difor var det ein oppgitt Knut Arild etterpå som sa : «Eg seier Erna, og media skriv Jonas»

La meg difor avslutta dette innlegget med å løfta nokre av KrF sine viktige saker

•Auka lærartettleik i skulen, maks 15 elevar pr lærar i 1.-4.klasse

•Alle har rett på ein verdig alderdom

•Tid og valfridom til familien

•Verdier som varer og verdier som varmer

•Levande distrikt – vi må ta heile landet i bruk.

Partileiar Knut Arild Hareide er Hordaland KrF sin 1.kandidat og tidl fylkesordførar Torill S. Nyborg er vår 2. kandidat.

Vårt mål er 2 KrF-ere på Stortinget frå Hordaland. Godt val!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags