Frivilligheten er gullet vårt

Astrid Aarhus Byrknes

Astrid Aarhus Byrknes Foto:

Av
DEL

LesarbrevEg trur på eit samfunn bygd nedanfrå i eit godt samspel mellom einskildmennesket, familien, frivillig sektor, privat- og offentleg verksemd og offentlege styresmakter.


Tillit, tryggleik og fellesskap er verdiar som betyr mykje og som Alver KrF vil byggje sin praktiske politikk med. Eit samfunn som skal byggjast treng forankring. Å byggje ein ny kommune krev hardt arbeid. Dette vil eg vera med på fordi eg er engasjert og vil bidra med den kompetanse og livserfaring som eg har.
Tillit, fellesskap og tryggleik vert skapt gjennom aktive menneske som engasjerer seg, bryr seg om og tek ansvar kvarandre for kvarandre.


Lokalsamfunna er nære fellesskap, der vi saman kan hjelpe kvarandre med å leve gode liv. Det er fellesskap der det takast initiativ til å tenkje nytt, der sosiale relasjonar skapast, der vi lærer av kvarandre og der vi saman løyser utfordringar. Eg ønskjer for Alver å vil løfte fram dei naturlege fellesskapane menneska lagar i møte med kvarandre.


Møteplassar for born, unge, vaksne og eldre er viktig i eit lokalsamfunn. Møteplassar der vi gjensidig kan bidra. Møteplassar der idear vert klekka ut og som blir realisert. Møteplassar der folkevalde møter innbyggjarane. Bokkafeen i Eknesvågen er eit slikt døme på møteplass. Eller pensjonistlaga, eller ungdomsklubbene, eller bygdelaga og samfunnshuset. Eller kulturkafeen for våre nye landsmenn, eller møteplassar som dei ulike kyrkjer og menigheter bidreg med. Der er mange møteplassar for fellesskap og folkehelse i Alver. Desse må vi ta vare på og utvikle vidare.


Møteplassar i heile den nye kommunen med sterke fellesskap er viktig og det ønskjer eg å vere med på å styrke og anerkjenne. Dei frivillige organisasjonane og eldsjelene speler ei svært viktig rolle i å omskape dette engasjementet og fellesskapet slik at det både blir godt og nyttig for den som bidrar og for samfunnet.
Frivilligheten tilfører lokalsamfunna enorme verdiar og har som arena og aktør stor betydning for demokratiet. Det trengst ei sterkare satsing på fri vilje og sivilsamfunn. Det offentlege må i større grad byggje opp kompetansen i å legge til rette for sivilt samfunnsengasjement og brubyggjande fellesskap.
Kultur, idrett, aktivitet av ulik art og mangfald trengst i Alver kommune – dette har ikkje gått ut på dato, men er viktigare enn nokosinne.


KrF ønskjer at Alver kommune skal vere ein god kommune også for frivilligheten. Vi må bruke ulike verktøy for dette, bruke middel som frivilligheten kan nytte i arbeidet sitt, og ha rause samarbeidsavtaler mellom kommune og frivilligheten. Alver KrF fekk til programarbeidet ein super idé frå ein av våre engasjerte innbyggjarar. Den gjekk på at kommunen bør leggje til rette for ein utlånsbil som frivillige kan låne til sitt arbeid for andre.
Dette tok vi med og seier: « KrF vil at Alver kommune skal prøve ut ei ordning med utlånebil til bruk av frivillige som gjer ein innsats for å gje menneske som elles ikkje har høve til å få ta del i kultur- og naturopplevingar.»

Eg håper eg får møte mange av dykk som er gullet vårt – limet i lokalsamfunna, alle frivillige som står på kvar dag for nettopp å vere med å utvikle sitt lokalsamfunn. Eg vil vere på lag med dykk.

Astrid Aarhus Byrknes
Ordførarkandidat
Alver KrF

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags